«Syng med oss»- ein saga blott

«Syng med oss» vart stifta av Brynjulf Loen i 2004, og har mesteparten av tida halde til på Helsetunet i Førde. Då han brått gjekk bort i januar  2016, overtok Rønnaug og Gunnar  Bolset ansvaret.

Arrangementet har samla mykje folk i kantina på Helsetunet;  ein søndag i månaden, haust og vår. Tanken bak var, at det skulle vere ei hyggestund for bebuarane og pårørande, men har vore ope for alle. På det meste har vi vore opp i 120-130 personar. Med mykje song og musikk, kaffe og kake til ein svært så billeg penge, har det vore eit svært vellukka arrangement.

Oddmund Frøysland har akkompagnert på trekkspel. Før han spelte Erling Ytredal. Erna Myren, Hjørdis og Leonard Birkeland og Olav Grimsbø har vore stabile forsongarar. Tidlegare hadde  Herdis Indrebø og Johannes Vie denne oppgåva. Gunnar Bolset har leia samkoma, og  Rønnaug Bolset har delteke på pianoet.

Kjøkkenet har stått for kaffe og kake, frivillige har hjelpt til med servering, og Åse Warvik og Mari-Ann Muledal har vore uvurdelege hjelparar. Kvar gong har vi og hatt gjester som har medverka med song, spel, opplesing etc. Alt har vore basert på frivilligheit.

Så kom koronaen, og alt vart stengt ned. Nå er det nye rutinar på Helsetunet, og vi ser at «Syng med oss» ikkje er liv laga. Overskotet på kr.8865,00 vert tilbakeført til Helsetunet, til glede og nytte for bebuarane.

På vegne av «Syng med oss», seier vi takk for oss!

Førde, 5.mai 2022.   Rønnaug og Gunnar Bolset