Sverre får digital heimeoppfølging

Sverre Tjønneland har KOLS, men har ei langt meir aktiv tilnærming til sjukdommen sin enn ein «tradisjonell» KOLS-pasient. Les meir om korleis han brukar digital heimeoppfølging kvar einaste dag, og kva han synest om opplegget.

Sverre Tjønneland og personar i gruppa - Klikk for stort bileteDigital heimeoppfølging, Kurt Even Andersen, Jofrid Aardalsbakke Djupvik, Trine Vingsnes og Sverre Tjønneland Per Marifjæren, Helse Førde

Teknologien gjer det mogeleg å tilby helsetenester på nye måtar, og det er opp til oss i helsevesenet å ta i bruk desse mogelegheitene.

Fleire diagnosar aktuelle

Klinikkdirektør Trine Vingsnes i Helse Førde og kommunalsjef Kurt Even Andersen i Sunnfjord kommune erkjenner at det ligg unytta potensiale og helsegevinstar i tilgjengeleg teknologi. Dei to er eigarar av prosjektet samhandling om digital heimeoppfølging. I første omgang er dette eit tilbod til personar med diagnosane KOLS og hjartesvikt, men ein ser også at andre typar kroniske sjukdomar og tilstandar kan vere godt eigna for slik oppfølging.

Folk som får tilbod om digital heimeoppfølging (også kalla DHO) får tett oppfølging av sjukepleiarar i kommunen, som igjen kan rådføre seg med helsepersonell i sjukehus ved behov. Pasientane gjer målingar, oppgåver og svarar på spørsmål med gitte intervall, og målet er å unngå forverringar av sjukdomen og hyppige sjukehusinnleggingar.

Sverre bygde sjukehuset

Sverre Tjønneland (80) frå Førde har KOLS, og var ein av dei første i Sunnfjord kommune som fekk tilbod om digital heimeoppfølging. Han er svært godt nøgd med tilbodet og rettleiinga han får gjennom dette opplegget. Tjønneland har bakgrunn frå byggebransjen, og har arbeidd mykje i kontakt med betongstøv, blant anna under bygginga av Førde sentralsjukehus på 1970-talet. Sjølv er han temmeleg sikker på at det er frå kontakt med finstøvet i betongbransjen KOLSen hans stammar. 

Ved at han sjølv no gjer daglege målingar av oksygennivået og brukar nettbrett til å svare på spørsmål i appen,  får han svært tett og god sjukdomsinnsikt. Når Tjønneland sjølv kan monitoriere si eiga helse på denne måten,  blir kontakten med helsevesenet både lettare og meir effektiv.

Individuelt tilpassa

Om oksygennivået er for lågt, eller svara hans på dei daglege spørsmåla viser at symptoma aukar på, er dette varsel som vert vurdert av sjukepleiar. Sjukepleiar gir oppfølging og råd ut ifrå ein eigenbehandlingsplan som pasient og fastlege er blitt einige om. Slik får kvar enkelt person med digital heimeoppfølging eit individuelt tilpassa opplegg.

Erfaringar både frå utlandet og andre stadar i Norge viser at pasientane er godt nøgde med å bruke DHO, og at det gir nedgang i både talet legevaktbesøk og innleggingar i sjukehus.

Sverre Tjønneland har hatt DHO i snart eit år, og er veldig godt nøgd med denne oppfølginga.

 -På denne måten føler eg at oppfølginga blir tettare og bedre enn om eg skulle måtte forklare alt utfrå korleis dagsfomen er, seier han.

Håpar alle kommunane blir med

Digital heimeoppfølging er ikkje berre digitalisering. Det er også tenesteutvikling. Det er også samhandling mellom fleire instansar. Oppgåveforskyving, og pasienten sin eigenbehandlingsplan som vert delt mellom partane, er ein viktig del av den digitale oppfølginga. Det tek tid å bygge opp nye tenester. Mange skal lære og ta det innover seg, og folk må venne seg til nye måtar å arbeide på. Kommunane Stryn, Sogndal, Luster, Stad og Sunnfjord brukar digital heimeoppfølging idag.

-  No har vi gått gjennom ei utprøving, laga arbeidsrutinar i fellesskap, og er klare for å hjelpe andre kommunar i gong. Vi ynskjer dette skal bli eit tilbod som alle kommunane  i Helse Førde sitt område gir, seier klinikkdirektør Trine Vingsnes.

Nyleg fekk prosjektet rekrutterings- og samhandlingsmidlar til drift av oppfølgingstenesta for pasientar med digital heimeoppfølging.

-  Dette er nødvendige midlar no når kommuneøkonomien er så pressa, og vi samtidig skal drive utvikling og ta på oss nye oppgåver, seier kommunalsjef Kurt Even Andersen.

Kva er DHO