Sunnfjord kommune takkar for godt samarbeid i 2025 og ønsker alle God Jul!

Ordførar Jenny følling - Klikk for stort bilete Fotograf Reiakvam

 

Året 2025 går mot slutten og vi i Sunnfjord kommune ønskjer å takke innbyggjarane for gode møte, samtalar, stort engasjement og kulturelle aktivitetar gjennom året. 

Vi har hatt gleda av å møte mange menneske med pågangsmot og framtidstru i Sunnfjord, og det har vore inspirerande.

Kvar dag jobbar vi og våre dyktige tilsette for at vi skal ha gode helsetenester, trygge barnehagar, gode skular og gjennomføre alle oppgåver kommunen har ansvar for på ein god måte. Gjennom året har vi jobba for å få ein berekraftig økonomi. Vi ser etter nye moglegheiter og vil spele på lag med næringslivet, gründerar og offentlege aktørar.

VM i vektløfting i Førde vart eit høgdepunkt. Dei fekk tildelt Kulturprisen for 2025 i kommunestyret. Ei anna stor hending er fullfinansiering av visningssenteret ved Astruptunet. Målet er at senteret skal stå klart i 2028 på 100-årsdagen etter at Astrup døde. I 2025 starta det opp mineralutvinning på Engebø med 125 nye tilsette. Vi ser framtidstru og optimisme i landbruket der rekordmange har investert i framtida. Det er viktig for Sunnfjord som største landbrukskommunen i Vestland. 

Det skjer mykje positivt i kommunen, sjølv om det er krevjande tider. Det gir oss håp om mot til å stå på. Saman er vi sterke. Vi ser fram til eit nytt år med nye moglegheiter.

No håpar vi alle kan få nokre rolege juledagar med tid til kvile og påfyll. Og til alle våre tilsette i Sunnfjord kommune. Vi ser og set pris på den jobben de gjer kvar dag. Ein ekstra helsing til alle dei som må jobbe i jule- og nyttårshelga. 

Takk til kvar og ein for samarbeidet i 2025.

Vi ønsker dykk alle ei riktig God Jul og eit Godt Nytt år!

 

Jenny Følling

Ordførar i Sunnfjord kommune