Sunnfjord kommune spreier kunnskap om digital helseoppfølging heime

Sunnfjord kommune gjennomfører eit  prosjekt om digital heimeoppfølging av helsetenester, eller som nokon vil kalle avstandsoppfølging.

Om prosjektet

Prosjektet er  initiert av Helsedirektoratet, og er eit av i alt 19 slike prosjektet i landet. Prosjektet blir drifta av Sunnfjord kommune, og er organisert i to delprosjekt   - eit for kommunar i Helse Førde området, og eit for kommunar i Helse Fonna området. Masfjorden kommune driv eit tilsvarande prosjekt med kommunar i Nord- Hordalandsregionen.

Siktemålet er å kome i gang med, og innføre,  digital heimeoppfølging som ei  alternativ teneste til det å møte opp fysisk  på sjukehus, legekontor eller anna helseteneste, t.d. heimesjukepleie. Det inneber at pasientar kan sleppe lange reiser for konsultasjonar som like gjerne kan skje digitalt, ved bruk av eigenrapporterte data, målingar, telefon eller video.

Til no  har  mange sjukehus etablert slike digitale tenester, men det er ikkje i vanleg bruk i kommunane. Med Sunnfjord kommune som  pådrivar, har fleire kommunar i Vestland fylke sett i gang digital heimeoppfølging. Det kan vere pasientar innan psykisk helsevern, pasientar som  får sårbehandling, pasientar med diabetes eller KOLS, eller brukarar av frisklivsentralar. Stad kommune har etablert digital heimeoppfølging som ledd i tidlegare utprøving.

Les meir om digital heimeoppfølging

Spreiingsseminar 13. februar 2024

Prosjekta Sunnfjord og Masfjorden kommunar arrangerte eit felles spreiingsseminar 13. februar 2024 på Helsehuset Region Nordhordland.  Det var  omkring 90 deltakare frå ca. 15 kommunar, sjukehus, utdanningar og  andre samarbeidspartnere.

Målgruppa var både dei som er involverte i arbeid omkring heimeoppfølging, men og andre kommunar/sjukehus, andre samarbeidspartnarar som har interesse av å vere med i denne utviklinga.

Den første bolken hadde  nokre overordna innlegg, med status og planar for vårt arbeid her lokalt, ein gjennomgang av nasjonale føringar, korleis utdanningar/ brukarorganisasjonar og næringsliv er kopla på, og tema om aktuell forsking på feltet.

I den andre bolken var det  fokus på korleis digital heimeoppfølging  vert organisert og fungerer i forhold til brukar/ pasient og tenester. Nytteverdi  for brukar og tenester vart vektlagt i alle innlegg.

Sentrale aktørar som Helsedirektorat, Folkehelseinstituttet, InnoMed og Nasjonalt senter for e- helse forsking deltok med innlegg.

Vi fekk mange god tilbakemeldingar på seminaret, og at det var nyttig for det vidare arbeidet med digital heimeoppfølging i kommunane.  Seminaret blir følgt opp med fleire lokale/ regionvise møteplasser og eit nytt felles spreiingseminar hausten 2024.