Sunnfjord kommune har blitt utsett for falsk profil på TikTok

Sunnfjord kommune har blitt utsett for falsk profil på TikTok. Nokon har utgjeve seg for å vere kommunen, og har delt innhald. Innhaldet ser ut til å ha som mål å skade kommunen sitt omdøme. 

Vi ser svært alvorleg på saka. Vi som kommune er avhengig at innbyggarane våre har tillit til at informasjonen som kjem frå oss er korrekt. Hendinga blir meldt til politiet.