Sunnfjord kommune blir med i nasjonalt lokaldemokratiprosjekt

 Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) kunngjorde i dag at Sunnfjord er valt ut som føregangskommune i nytt lokaldemokratiprosjekt, saman med seks andre kommunar. 

For å ta gode avgjerder er det viktig at dei folkevalde har kunnskap om kva innbyggjarane meiner. KDD inviterer dirfor sju kommunar til å delta i prosjektet og styrke lokaldemokratiet. Prosjektet skal vise korleis innbyggarane på ulike måtar kan påverke avgjerder som er viktige for lokalsamfunnet dei bur i.

Sunnfjord kommune skal: 

  1. Sikre gode og lokale arenaer for demokrati og utvikling 
  2. Skape nye og digitale løysingar for deltaking og involvering 
  3. Evaluere den politisk organiseringa 

Sjå kommunen sin søknad

Ordførar Jenny Følling er glad for at Sunnfjord kommune er blitt valt ut til å delta i KDD sitt lokaldemokratiprosjekt: «Vi får sjansen til å vidareutvikle lokaldemokratiet, skape gode møteplassar og utvikle bruk av digitale løysingar for deltaking og involvering.»