Støtteperson – døme på case:
Vi treng støtteperson til ein familie, mor med to barn på 1 og 3 år. Barna går i barnehage.
Familien treng ein person som er kontaktskapande, har erfaring og kunnskap om små barn, og som kan vere ein trygg støttespelar for familien.
Målet med støtteperson er å tilby mor støtte og avlastning på ettermiddag/helg.
Mor sitt ynskje er ein støtteperson som kan kan gå på trilletur, aktivisere barna og ellers støtte og hjelpe ho i kvardagen.
3 åringen er ei livleg og nysgjerrig jente. Ho er glad i musikk og utforske verda. Ho er glad i rolleleik og inviterer andre med i leiken.
1 åringen er ein glad og roleg gut som likar å utforske rommet. Han er kontaktsøkende og går, klatrar og spring.
Besøksheim – døme på case:
Vi treng besøksheim til ei jente på 4 år som går i barnehage og ein gut på 8 år som går i 2. klasse.
Besøksheimen bør vere i Sunnfjord kommune, og vere villig til å stå i oppdraget over tid.
Vi ønskjer ein besøksheim som barna kan besøke ei helg i månaden.
Det er ein fordel at besøksheimen har erfaring med barn.
Vi ser det som viktig at de har evne til å ta godt i mot barna og at de involverer dei i familien.
Målet med besøksheimen er at barna får fleire trygge vaksne i livet sitt, og at barna får eit utvida nettverk.
Det er også eit mål at besøksheimen tilbyr barna positive opplevingar og aktivitetar.
Det er naudsynt at besøksheimen har eit godt samarbeid med foreldra og kontaktperson i barnevernet.
Vertsfamilie/hybel med oppfølging:
Vi treng vertsfamiliar for ungdomar som skal bu på hybel.
Vi ønskjer vertsfamilie med hybel/kjellarleilegheit, eventuelt ein familie som kan følgje opp ungdomar i kvardagen.
Nokon ungdomar treng fleire vaksne rundt seg/større nettverk som kan tilby dei hjelp og støtte i overgangen til vaksenlivet.
Målet med vertsfamilie er å tilby ungdomen hjelp, støtte og oppfølging i kvardagen. Døme på oppfølging kan vere; å køyre/hente ungdomar frå aktivitetar, eller å invitere på middag ein til to gonger i veka.
Krav til oppdragstakarar:
- Må vere over 18 år og ha sertifikat.
- Godkjent politiattest må leggast fram før oppdraget kan starte.
- Teieplikt skjema må signerast før oppdraget kan starte
Dersom du er interessert i oppdrag, eller ønskjer å vite meir om det å vere oppdragstakar, ta kontakt med:
Nina Bjørvik
Teamleiar oppfølgingsteam
Sunnfjord barnevern
Telefon: 90 83 97 22