Stor interesse for arkitektkonkurranse vedrørande nytt visningssenter ved AstruptunetSunnfjord kommune har fått inn heile 163 forslag til nytt visningssenter ved Astruptunet. I første omgang er det ein prekvalifisering der kandidatane leverer kortfatta skisseprosjekt. Det er overveldande og veldig gledeleg at det er så stor interesse for å vere med å forme visningssenteret ved Astruptunet, seier ordførar Jenny Følling. Å få realisert eit visningssenter er avgjerande for vidare utvikling av tunet. Etter større merksemd rundt Nikolai Astrup med utstillingar i inn- og utland, og med det nyleg ferdigstilte 4-årige restaureringsprosjektet, forventar vi auka interesse både for Astrup sin kunst og for kunstnarheimen Astruptunet, seier ho. Det ligg eit stort og spennande arbeid føre oss med å vurdere dei mange forslaga og plukke ut 4 kandidatar som får gå vidare til trinn to i konkurransen, seier Følling. Jenny Følling er leiar av juryen, som elles består av Tor Martin Leknes, Musea i Sogn og FjordaneIngeborg Mellgren Mathiesen, Landskapsarkitekt MNLAHilde Bjørkum, Sunnfjord kommuneOppnemnde arkitektar frå Norske arkitekters landsforbund (NAL):Jan Erik B-J Rossow, Arkitekt MNAL Astrid Rohde Wang, Arkitekt MNAL Juryen hadde sitt første møte tysdag og onsdag 28.-29. juni. Utvalet av dei fire kandidatane som går vidare skal vere ferdig innan utgangen av juni. Heile prosessen er planlagt å vere ferdig i løpet av hausten 2024. Sunnfjord kommune Sist endra 27.01.2025 09.28