Stor interesse for å teikne visningssenter ved Astruptunet!

Sunnfjord kommune har invitert til ein totrinns plan- og designkonkurranse om nytt visningssenter ved Astruptunet, kunstnarheimen til Nikolai Astrup. Det viste seg å vere ein enorm interesse og det kom det inn heile 163 forslag til korleis senteret kan bli innan fristen 21. mai. Alle desse forslaga kan du sjå i lenka i pressemeldinga til Norske arkitekters landsforbund (NAL).

Sjå forslaga i plan og designkonkurransen for visningssenter ved Astruptunet i nettsak til NAL

«Det er svært gledeleg å sjå den store interessa nasjonalt og internasjonalt for kunstnarheimen til Nikolai Astrup. Etter at hus og hage i Astruptunet er blitt restaurert, vil det vere ein stor verdi å få på plass eit visningssenter der vi kan ta i mot besøkande og formidle kunsten og ta vare på kunstnarheimen til Astrup», seier juryleiar Jenny Følling  

Juryen har hatt eit omfattande og interessant arbeid med å gå gjennom alle dei 163 innkomne forslaga i prekvalifiseringa, for å finne fram til fire finalistar som går vidare til plan og designkonkurransen.

Den store interessa viser Nikolai Astrup og Astruptunet sin sterke posisjon både i nasjonal og internasjonal samanhang. Det er eit privilegium å ha så mange spennande forslag å velje mellom, seier Hilde Bjørkum.

Jurymedlem Ingeborg Mellgren Mathiesen seier at ho føler det som eit stort ansvar og har gått audmjukt inn i arbeidet. «Vi har mottatt så mange spennende forslag, som hver på sitt vis tolker arven etter Nikolai Astrup. Gjennom et visningssenter får man en fantastisk mulighet til å formidle flere sider av Astrups kunstnerskap og livsholdning, men like viktig gir det en mulighet til i større grad å ivareta det sårbare og verdifulle kulturminnet som Astruptunet er. Jeg er imponert over hvordan konkurransedeltagerne på ulikt vis har formalisert og skapt et byggverk med utgangspunkt i de retningslinjer som ble lagt frem i utlysningsteksten", seier landskapsarkitekt Ingeborg Mellgren Mathiesen.

Dei fire konsepta juryen har valt ut i prekvalifiseringa skal bearbeidast og sjekkast når det gjeld tilgjengeleg areal. Innleveringsfrist i plan og designkonkurransen er 01.11.2024.  I november startar juryen arbeidet med å gå igjennom dei fire finaleprosjekta og kåre vinnarutkastet. Vinnaren av arkitektkonkurransen vert offentleggjort på eigna måte før jul i år. Vi kjem tilbake med meir informasjon om den seremonien.

Jury for Visningssenter ved Astruptunet er slik samansett:

  • Jenny Følling, ordførar og juryleiar
  • Jan Erik B-J Rossow, arkitekt MNAL
  • Astrid Rohde Wang, arkitekt MNAL
  • Ingeborg Mellgren Mathiesen, landskapsarkitekt MNLA 
  • Tor Martin Leknes, Musea i Sogn og Fjordane
  • Hilde Bjørkum, tidlegare kommunalsjef Sunnfjord kommune


I tillegg har desse vore med:

  • Gisle Nataas, jurysekretær Norske arkitekters landsforbund (NAL)
  • Thor Ove Farsund, prosjektleiar Sunnfjord kommune
     

Kontakt

Profilbilde av Jenny  Følling
Jenny Følling
Ordførar
E-post
Telefon 57 61 27 03
Mobil 47 90 59 90