Status flytteprosess for skulane

Arbeidet med flytting til skulane; Halbrend barneskule, Førde ungdomsskule og Vassenden skule er i gong og i rute. Les litt om status for kvar av skulane i artikkelen her.

Halbrend barneskule

Kartutsnitt - Klikk for stort bilete

Halbrend skule er under omstilling frå ein 6–10 skule til ein barneskule med 1.-7. trinn. Dette betyr at skulen har behov for nokre endringar knytt til elevgruppa. Det vert difor i desse dagar arbeidd med oppgradering av uteområdet i samarbeid med entreprenør, slik at det i større grad vert tilpassa aldersgruppa ved barnetrinnet. I tillegg er det kjøpt inn nye garderobeløysingar for dei minste elevane, og det er gjort eit omfattande arbeid med å etablere gode og funksjonelle lokale for skulefritidsordninga (SFO).

Skulen har hatt gode lokale prosessar og har gjort eit systematisk arbeid med å rydde, kartleggje og førebu overgangen til ny struktur. Det vert no jobba med ein heilskapleg plan for flytteprosessen, slik at skulen står godt rusta til oppstart etter sommarferien, med løysingar som er tilpassa elevane på barnetrinnet.

Førde ungdomsskule

Illustrasjon Donar AS - Klikk for stort bilete

Arbeidet med oppgradering og tilpassing av bygget på Hafstad til ny Førde ungdomsskule er i rute. Den tidlegare vidaregåande skulen vert no tilpassa til å bli eit funksjonelt og framtidsretta ungdomsskulebygg.

Det vert gjort nødvendige tilpassingar for å møte behova til ungdomstrinnet, mellom anna etablering av skulekjøkken og rom for kunst og handverk. Samstundes vert det gjennomført ei rekkje kvalitetshevingar i bygget, som utskifting av himlingsplater for betre akustikk, maling av overflater i lyse og trivelege fargar, og nytt golvbelegg. Dette vil bidra til eit funksjonelt og tiltalande skulemiljø for både elevar og tilsette.

I bygget vert det etablert rom og soner tilpassa elevar med særskilde behov, i tillegg til areal for sosialisering blant elevar. Uteområdet skal også oppgraderast slik at det stimulerast til aktivitet.

Det er lagt ned eit solid arbeid lokalt i førebuingane til oppstart i nytt bygg. Dei tilsette har jobba veldig godt i prosessen og førebudd seg på korleis den nye organiseringa vert. Skulen har god oversikt over utstyr og behov, og det vert no arbeidd med detaljert planlegging av innflytting og oppstart. Målet er ein god og føreseieleg overgang, der alt ligg til rette for elevar og tilsette frå første skuledag etter sommarferien.

Vassenden skule

Arbeidet med å samle Vassenden skule i eitt bygg går som planlagt. Tiltaket vil bidra til eit meir samla og oversiktleg skulemiljø, med betre høve for samarbeid og fellesskap i kvardagen.

SFO- avdelinga har flytta inn i Jølstrahallen slik at det er frigjort klasserom i same avdeling for plassering av ungdomsskulen. I samband med flytteprosessen vert det gjennomført nokre mindre vedlikehalds- og tilpassingsoppgåver. Dette omfattar mellom anna maling av enkelte klasserom. Det vert òg flytta relevant utstyr frå bygget som tidlegare har vore nytta til ungdomsskule, som til dømes avtrekksskap til naturfagrom og utstyr til elevkantina. For å sikre gode digitale rammer er det bestilt nytt utstyr til ei naudsynt oppgradering av det trådlause nettet. Skulen har òg gjort avtale med Gjesthalla om sambruk av parkeringsplassar og bruk av samfunnshuset til skulen sine fellesarrangement med elevar og føresette.

Skulen har så langt gjort eit særs grundig og godt arbeid i prosessen, med gode lokale avklaringar og god oversikt over utstyr og møblement som skal nyttast vidare. Det vert no arbeidd med å planlegge sjølve flytteprosessen, slik at alt ligg til rette for ein smidig overgang. Målet er at lokala skal vere klare til elevar og tilsette kjem attende etter sommarferien.