Stafett for livet i Førde 6. - 7. septemberStafett for livet er eit ope arrangement som blir arrangert av Kreftforeningen, frivillige og Sunnfjord kommune. Arrangementet er gratis og ope for alle som ønsker å delta. Det blir program frå scena, aktivitetar for barn, og sal av mat og drikke til inntekt for Kreftforeningen. Førde stadion 6. - 7. septemberStafetten varer i 24 timar som eit symbol på at kreft aldri tar pause. Stafett for livet er ingen konkurranse, men eit omsorgsarrangement for å vise støtte til dei som har eller har hatt kreft, deira pårørande og etterlatte.Familie, venner, skular, foreiningar og arbeidsplassar kan danne lag for nokon de vil støtte eller minnast. Her går vi med og for kvarandre. Tempoet bestemmer du sjølv. Saman går, spring vi for å vise at det alltid er nokon på bana for den som er sjuk. Det er også fint å kunne møte andre i liknande situasjon.Les meir og meld på lagFighter = heidersgjestDen som har eller har hatt kreft er invitert til å delta som fighter under Stafett for livet. Her kan du senke skuldrene og få ein pause frå kvardagen saman med andre. Fighterane er hedersgjester, og det er eit eige arrangement for dei som varer cirka to timar. Du er med så lenge du orkar, og ta gjerne med ein ledsagar eller pårørande.Ved spørsmål ta kontakt med:Dag-Rune Mallasvik stafettleder.forde@kreftforeningen.no eller 99 29 78 68Arnhild Mallasvik lagleder.forde@kreftforeningen.no eller 90 81 01 61Vigdis Årdal Sæterlid figtherleder.forde@kreftforeningen.no eller 91 70 94 74Torgeir Ulleland toggen@toggen.as eller 95 04 16 00 Velkommen! Sist endra 07.08.2025 10.26