Stafett for livet i Førde 31. august og 1. september

To personar i treningstøy foto: kreftforeninga - Klikk for stort bilete

Stafett for livet er eit ope arrangement som blir arrangert av frivillige i Kreftforeningen. Arrangementet er gratis og ope for alle som ønsker å delta. Det blir program frå scena, aktivitetar for barn, og sal av mat og drikke til inntekt for Kreftforeningen. 

Førde stadion 31.  august og 1. september

 Stafetten varer i 24 timar som eit symbol på at kreft aldri tar pause. Stafett for livet er ingen konkurranse, men eit omsorgsarrangement for å vise støtte til dei som har eller har hatt kreft, deira pårørande og etterlatte.

Familie, venner, skular, foreiningar og arbeidsplassar kan danne lag for nokon de vil støtte eller minnast. Her går vi med og for kvarandre. Tempoet bestemmer du sjølv. Saman går, spring vi for å vise at det alltid er nokon på bana for den som er sjuk. Det er også fint å kunne møte andre i liknande situasjon.

Les meir og meld på lag

Fighter = heidersgjest

 Den som har eller har hatt kreft er invitert til å delta som fighter under Stafett for livet. Her kan du senke skuldrene og få ein pause frå kvardagen saman med andre. Fighterane er hedersgjester, og det er eit eige arrangement for dei som varer cirka to timar. Du er med så lenge du orkar, og ta gjerne med ein ledsagar eller pårørande.

Ved spørsmål ta kontakt med:

 

Velkommen!

 

Illustrasjon logo stafett for livet - Klikk for stort bilete