Sommarjobb i Vest

“Sommarjobb i Vest" er eit samarbeidsprosjekt mellom Vestland fylkeskommune, NHO Vestland og NAV Vestland.

Jente i butikk - Klikk for stort bilete

Å tilby sommarjobb handlar om rekruttering i eit langsiktig perspektiv. 61 % av NHO sine 4000 medlemsbedrifter i Vestland får ikkje tak i nok folk med rett kompetanse. Også offentleg sektor har store utfordringar med å få tak i kvalifisert arbeidskraft. Samstundes står over 7000 unge vaksne i vår region utanfor arbeidslivet.

Det å ha sommarjobb er for mange unge eit viktig første møte med arbeidslivet, der dei får nyttig erfaring, viktige relasjonar og innsikt i kva jobbar som finst i Vestland. 

Dette blir best om vi går saman! Vi oppfordrar til å tilby sommarjobbar i 2026! 

Her finn du, som arbeidsgivar, oppskrift på korleis du skal gå fram:

For arbeidsgivar - Sommarjobb i Vest