Søknad om oppstart- og driftstilskot til frivillig drifta ungdomsklubbar 2025 Sunnfjord Kommune sett av inntil kr 750 000 til oppstart- og driftstilskot til frivilligdrifta ungdomsklubbar i 2025.Kven kan søke?Organisasjonar, institusjon eller privatpersonar.Dersom du vel å søke som privatperson, må du opprette ein lagskonto eller eit lag/org førtilskotet vert utbetalt.Krav til søknaden• Søkar for ungdomsklubben må ha eit styre, ein leiar og ein eigen konto.• Det må ligge ved ein omtale av ungdomsklubben, budsjett, samt ein enkel aktivitetsplan.• Aktiviteten i klubben skal vere open for alle i målgruppa. • Eventuelle inngangsbillettar/eigenandel må ikkje vere av slik storleik at nokon ekskluderast frå å vere med på grunn av økonomi.Om du får støtte må du• Rapport på bruk av midlar og aktivitet i ungdomsklubben må leverast innan 31.12.2026.SøknadsfristFrist for innsending av søknad er 15. mai og 1. oktober 2025. Det er utval for oppvekst og kultur som vil tildele midlane.Send inn søknad Har du spørsmålTa kontakt med kommunalsjef for kultur og idrett Anita Nordheim om du har spørsmål eller treng meir informasjon. Sist endra 23.04.2025 09.53