Skogeigarar i Sunnfjord som ikkje har bestilt skogbruksplan

Sunnfjord kommune oppmodar deg som skogeigar om å bestille skogbruksplan med miljøregistreringar. Skogbruksplanen gir deg oversikt og informasjon om tiltak som bør utførast i skogen og når skogen din er klar for hogst. Bestillingsfrist: 9. juni 2025.

Til skogeigarar i Sunnfjord som ikkje har bestilt skogbruksplan

Nye reglar gjer at du treng skogbruksplan med miljøregistreringar for å kunne selje tømmer gjennom dei ulike virkeskjøparane. Vi oppmodar spesielt alle skogeigarar med meir enn 50 daa skog om å bestille plan.

Meir informasjon finn du i desse dokumenta

Slik bestiller du skogbruksplan

Frist for bestilling er 9. juni 2025

Bestill skogbruksplan – At skog

Logg inn på Minside på www.atskog.no for å bestille med bankID.

Dersom du ikkje har bruker hos AT Skog, gå inn same stad og bruk denne koden: 16378

Har du spørsmål?

Har du spørsmål når det gjeld skogbruksplanen kan desse kontaktast:

AT Skog SA, Postboks 73, 3901 Porsgrunn

Kontaktpersonar i prosjektet:

Prosjektleiar AT Skog:
Kjell Anton Svennevik, send e-post , telefon: 93 24 59 98    

Stasforvalteren Vestland:
Gro Kampp Hansen, send  e-post, telefon: 55 57 21 68     

Sunnfjord Kommune:
Oddbjørn Kåre Sellevoll, send e-post, telefon: 90 53 35 09   

Takstutvalet i Sunnfjord kommune:

  • Kåre Solhaug (Leiar)   
  • Sjur Olav Sandal  
  • Martin Braanaas    
  • Atle Gimmestad 

(kontaktinformasjonen finn du i dokumentet: Sunnfjord brev runde -2 bestillinger)