Skatteetaten overtar skatteoppkrevjaroppgåvene

Jose Hevia Frå 1. november 2020 treff du ikkje lenger skatteoppkrevjaren i rådhuset. 

Oppgåvene som vert overført til Skatteetaten

Frå 1. november 2020 er det Skatteetaten du skal ta kontakt med, også når det gjeld restskatt, skattepengar til gode, tilleggsforskot og andre oppgåver skatteoppkrevjaren tidlegare har handtert. Skatteetaten vil få eit heilheitleg ansvar for fastsetting, innkrevjing og kontroll av skattar og avgifter.

Oppgåvene som vert overført til Skatteetaten er mellom anna:

  • innkrevjing av restskatt
  • skatt til gode
  • tilleggsforskot
  • forskotstrekk
  • arbeidsgivaravgift
  • motregning
  • utleggstrekk knytt til skattekrav
  • skatteattestar
  • konto-/saldoutskrift for skatt og arbeidsgivaravgift

Om du har ei sak under behandling hos skatteoppkrevjaren i Sunnfjord kommune, blir denne overført til Skatteetaten. Du kan få tildelt ny saksbehandlar/kontaktperson.

Kommunen har framleis ansvar for innkrevjing av kommunale krav.

Har du spørsmål?

Om du har spørsmål til nokre av desse oppgåvene ber vi deg om å kontakte Skatteetaten på 800 800 00 eller www.skatteetaten.no