Skal du lande med helikopter i utmark i sommar?Då må du hugse å søke om løyve i god tid før du skal få utført transporten. Dette gjeld også transport på barmark. I perioden 10. juli – 15. august handsamar vi ikkje søknader.Søk om løyveDet er i utgangspunktet 3 vekers sakshandsamingstid. I perioden 10. juli – 15. august handsamar vi ikkje søknader.Send søknad innan 20. juni for søknader som gjeld for juli og august. Du kan søke om løyve for ein lengre periode, slik at løyve er fleksibelt på dato for utføring av transporten.SøknadsskjemaHelikoptertransport med hengande last:Transport og lossing av underhengande last (med minst 15 m lang line) er i prinsippet ikkje søknadspliktig. Dersom ein derimot har tenkt å vere så nær bakken med helikopter at folk og eller utstyr kan lossast ut av maskina, så er det søknadspliktig. I mange verneområder er det forbod mot flyging under 300 meter, så i dei tilfella er det søknadspliktig også med helikoptertransport med hengande last.Du finn meir informasjon om motorferdselsregelverket i retningslinjene til Sunnfjord kommune.Sjå retningslinjene til Sunnfjord kommune Sist endra 30.05.2025 13.23