Skal du lande med helikopter i utmark i sommar?

Du må hugse å søke om løyve i god tid før du skal få utført transporten. Dette gjeld også transport på barmark. 

Vi har endra praksis av helikoptertransport med hengande last. Det er no lov å stroppe på og av i utmark med long-line utan at det er å rekne som landing, og lossing med long-line er difor ikkje søknadspliktig i høve Motorferdselslova. Dette er gjeldane rettspraksis i utmark, men dersom det gjeld andre regler i forhold til lågtflyging, f.eks. i verna områder, så er det desse reglene som gjeld. I mange verneområder er det forbod mot flyging under 300 meter, så i dei tilfella er det søknadspliktig også ved bruk av  «long line».

Det er i utgangspunktet 3 vekers sakshandsamingstid. I perioden 6. juli – 14. august handsamar vi ikkje søknader. 
Dette betyr at vi må ha søknader innan 20. juni for søknader som gjeld for juli og august.

Du kan søke om løyve for ein lengre periode, slik at løyve er fleksibelt på dato for utføring av transporten.

Søk om motorferdsel i utmark

Kontakt

Solfrid Trå
Rådgjevar friluftsliv
E-post
Telefon 57 72 61 24
Mobil 97 62 30 98