Sjå bilde frå nye Førde ungdomsskule

Måndag 17. august byrjar 541 elevar på nye Førde ungdomsskule på Hafstad. Dei siste månadane har skulebygget på Hafstad i rekordfart blitt endra frå å vere ein vidaregåande skule til å bli ein ungdomsskule.

To nye og moderne skulekjøkken og ei eiga kunst og handverksavdeling er dei største endringane innandørs.  Ute er det bygd ballbinge, basketbane og det er blitt planta, pynta og stelt til skulestart. 

Akkurat no pågår siste vask av bygget innandørs. Måndag 10. august byrjar 80 tilsette på planlegging av nytt skuleår. 

Sjå bildeserie frå den nye skulen

Vi gler oss til skulestart!  

Kontakt

Profilbilde av Hallgeir Hamre
Hallgeir Hamre
Rektor Førde ungdomsskule
Telefon 57 72 19 72