Sanering av vass- og avløpsanlegg sentrum sør i Førde - varsel om pålegg

I samband med arbeidet Førdepakken skal utføre i Sentrum sør frå rundkøyringa på Hafstad til Førde Hotel skal deler av dei kommunale vass- og avløpsleidningane (VA-leidningane) i sentrum sør fornyast. Arbeidet til Førdepakken er planlagd ferdig til sommaren 2024.

Informasjon om VA-leidningane

Det blir lagd nye kommunalt vass- og avløpsanlegg i deler av Hafstadvegen og deler av Fjellvegen. I samband med fornying av dei kommunale VA-leidningane skal dei private stikkleidningar fornyast til tilsvarande same standard som dei kommunale VA-leidningane.

Private stikkleidningar vatn og avløp

Den enkelte huseigar er i utgangspunktet tilkopla dei kommunale vass- og avløpsleidningane (VA-leidningane) i Sentrum sør med vassleidning, kloakkleidning og overvassleidning.

Det skal være som separatsystem, dvs. at det skal leggjast eige rør for kloakk, gjeld innvendig kloakkavløp (raudbrun farge på røra), eige rør for overvatn, gjeld utvendige slukar, innvendige/utvendige taknedløp og drensvatn (svart farge på røra). Det skal vere utvendig sandfangkum på overvassleidning før tilkopling til kommunal overvassleidning, utvendig stakekum/stakegren på kloakkleidning og utvendig bakkekran på vassleidningen eller tilkopling i kommunal vassverkkum der dette er mogleg.

Dei private vass- og avløpsleidningane skal være tette, eventuelt må det dokumenterast at dei er tette. Vassleidningen skal være av godkjent trykklasse.

Der overvassleidningar ikkje er tilkopla kommunal overvassleidning men ført til elva, må den enkelte huseigar sanere leidningane slik at dei er tette og fungera tilfredsstillande.
Saneringa/tilkoplinga skal gjennomførast i hht. gjeldande lover, føresegner og kommunen sine reglar, va-norm og krav.

Private stikkleidningar – kostnadar

Kostnaden med omkopling av dei eksisterande private stikkleidningane frå gamle til nye kommunale VA-leidningar vil inngå i arbeidet Førdepakken skal utføre.

Huseigarar som ikkje har separatsystem må dekke kostnadane med omlegging til separatsystem for kloakkavløp og overvassavløp. Der det manglar private overvassleidningar må huseigar koste legging og tilkopling av desse. Der det manglar sandfangkum før tilkopling til kommunal overvassleidning må huseigar koste etablering av den. Det skal være utvendig privat bakkekran for vatn, den skal fungere og være i orden, eventuell manglande bakkekran eller defekt bakkekran må huseigar ta kostnadane med og utbetre.

Vår referanse: 21/1344-19

Framtidig drift og vedlikehald av private stikkleidningar som Førdepakken legg, som ikkje ligg i kommunal/offentlig veg, er den enkelte huseigar sitt driftsansvar. Dette gjeld ikkje eventuelle garantiforhold som oppstår i garantitida, avgrensa til 5 år etter at anlegget er overteke av kommunen frå Førdepakken.

Utkopling og sanering av septiktank og liknade

Eventuelle gamle eksisterande septiktankar, tankar, betongkonstruksjonar som ligg i bakken som er i bruke eller ikkje er i bruk skal koplast ut, sanerast/gravast opp og fjernast. Eigarane av desse konstruksjonane må ta kostnadane med fjerning av dei. Eventuell tømming og avslutning av septiktanken må den enkelte hus/grunneigar bestille og få utført av Norva24 Miljøservice, avd. Stryn.
Det vert teke kontakt med den enkelte hus/tomteeigar for å planlegge detaljar ved omkopling/tilkopling av dei private stikkleidningane.

Varsel om pålegg

Den enkelte hus/tomteigar vil bli gitt pålegg om rehabilitere eigne private stikkleidningar eventuelt kople seg til dei kommunal VA-leidningane.

Dette brevet vert å rekne som eit førehandsvarsel etter forvaltningslova §16 om eventuelt pålegg om sanering/utbetring og tilkopling av private stikkleidningar. Dette jmf. Ureiningslova kap. 4, §22 og plan og bygningslova § 27-1 og § 27-2.

Frist for merknadar 15.02.23.

Informasjon/kontaktpersonar

Har du spørsmål som vedkjem gjennomføringa av tilkoplinga kan du stille dei til Arve Hornnes mobil nr. 95989606, e-post: arve.jarle.hornnes@sunnfjord.kommune.no

Teikningar

Oversiktsteikning over eksisterande VA-leidningar ligg vedlagt.
Vedlegg:

Kontakt

Arve Jarle Hornnes
E-post
Telefon 57 61 28 22
Mobil 95 98 96 06