Sande bibliotek har fått støtte til oppsøkande formidlingBarn les Pexels - Tima Miroshnichenko Biblioteket på Sande har fått midlar til oppsøkande formidling frå biblioteket til Nasjonalbiblioteket. Tildelinga er på 75 000 kroner. Sunnfjord kommune er ein av 9 kommunar i Vestland fylke som har fått støtte i denne omgang. Mål for prosjektet: Oppsøkjande formidling i eit kombinasjonsbibliotek Som nytt kombinasjonsbibliotek ynskjer vi å avklare korleis eit distriktsbibliotek kan verte meir synleg i skulen når det er stor avstand mellom biblioteksbygget og skulebygget. Vi vil finne gode, berekraftige løysingar for oppsøkjande formidlingsarbeid som eit lite kombinasjonsbibliotek. Dette skal gjerast ved å utforme ein strukturert plan for ekstern formidling til skule og barnehage. Vi vil gjere folkebiblioteket meir tilgjengeleg for lånarar, barnehagar og skular utanfor Sande sentrum. Ved å ta utgangspunkt i besøks- og utlånsstatistikk, vil vi sjå om vi i løpet av 2022 klarar å auke utlånsaktiviteten og mengda lånarar i alderen 6-16 år som bur i område med stor avstand til biblioteket. Vi brukar òg postadressa som indikator til dette føremålet. Sist endra 29.01.2025 15.14