Samarbeid om utvikling av eit felles campus for utdanning, forsking og innovasjon på Vie

Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Bergen, Sunnfjord kommune og Helse Førde har starta prosjekt Campus Vie i lag fordi dei har mange like utfordringar og behov i framtida. Ein felles arena for å løyse oppgåver innan utdanning, forsking og innovasjon vil gje eit løft for organisasjonane og vil bidra til auka attraktivitet i høve rekruttering til regionen.

Det har i fleire år vore ønske om felles bygg, samarbeid om infrastruktur og samlokalisering av fagmiljø. Prosjekt Campus Vie byggjer vidare på eit forprosjekt som vart sluttført desember 2021. I forprosjektet såg ein på moglege løysingar for bruk av areal i eksisterande bygg på Vie kombinert med moglege nybygg. Det vart også løfta fram nokre konkrete behov partane ynskjer inn ein fellesarena i framtida. Dette gjeld felles areal til:

  • utdanning og opplæring
  • simulering og ferdigheitstrening,
  • forsking og innovasjon,
  • møte og kursverksemd,
  • senter for fysisk aktivitet a la Energisenteret i Bergen,
  • bibliotek og liknande

Det er opning for at andre funksjonar kan spelast inn. I hovudprosjektet skal partane dykke djupare inn i arbeidet og definere meir konkret kva funksjonar og behov som bør med i framtidas Campus Vie.

Les heile artikkelen: Samarbeid om eit felles campus for utdanning, forsking og innovasjon på Vie

For innspel eller meir informasjon om satsinga kontakt:

Gro Rukan, prosjektleiar,