Samarbeid mellom Sunnfjord og Opoczno - reise til Polen

Sunnfjord kommune deltek i eit spennande EØS-program om lokal utvikling i Polen. Førre helg reiste vi til samarbeidskommunen vår – Opoczno. Temaet for denne reisa var kulturarv og lokale tradisjonar. 

Vi deltok på det årlege arrangementet Kusoki. Dette er folkedansfest, og heidring av husmorsforeiningane som er viktige frivillige aktørar for lokalsamfunna. Dei lagde nydeleg tradisjonell mat, og opptredde med folkemusikk og folkedans i flott folkedrakt. 


Det var fantastisk å sjå korleis dei viktige frivillige kreftene i lokalmiljøa vart feira og takka på eit slikt arrangement. 

Vi fekk elles omvising på biblioteket og museet i Opoczno.  Vi deltok på kommuen sitt arrangement, Valentine's Day 5 km run & Nordic Walking. Kommunalsjef Anita Nordheim fekk det viktige oppdraget for nedteljing og utdeling av medaljar. Vi fekk også besøke Edyta- Cieślik- Moczek, ein lokal kunstnar som lagar tradisjonelle blomar og dekorasjonar i papir. Ho prøvde å lære oss teknikken “Krepinowe wreaths”, og nokon av oss fekk det ganske bra til 😊.

Alle kostnadar knytt til prosjektet er er dekka gjennom EEA Grants og Norway Grants (EØS-midlar). Opoczno ligg mellom Warszawa og Kraków og har om lag 32 000 innbyggarar. Sjå meir informasjon om prosjektet: https://sunnfjord.kommune.no/aktuelt-fra-kommunen/samarbeid-med-opoczno-i-eos-program.26485.aspx

I mars kjem ein delegasjon frå Opoczno til Sunnfjord, og vi håper vi kan leve opp til å vere eit like godt vertskap.