Prestebøen – varsel om arbeid

Vi vil med dette varsle om graving i Prestebøvegen i samband med nedlegging av større dimensjon på vassleidning til brannhydrant og nytt inntak til Prestebøen 18.

Varigheit for arbeidet

  • Oppstart tysdag 11. juni. kloka 07.30
  • Ferdigstilling ca. 1. september
  • Ferie i veke 27–30
  • Arbeidstid frå kl. 07.30 til kl. 19.00 måndag–fredag
Kartutsnitt over Prestebøen - Klikk for stort bilete Kartutsnitt Sunnfjord kommune

Syner til kartvedlegg der den blå linja er gravestrekning. Grøn linje er anbefalt gangveg og raud linje er naudveg i arbeidsperioden. 

I samband med gravearbeidet vil ein i utgangspunktet halde vegen open for gangtrafikk og personbiltrafikk, men det vil vere redusert tilkomst for biltrafikk. I kortare periodar kan vegen verte stengt for biltrafikk i arbeidstida. På kveld/natt og helgar vil vegen vere open for personbilar. Anbefalar at dei som har sin arbeidsplass i området nyttar Festplassen til parkering. Vi vil prøve å halde opne parkeringsplass ved Prestebøen 8 og 18 så langt det let seg gjere.

Som ein naudveg kan dei som skal til omsorgsbustadane eller private i Prestebøvegen nytte omkøyring via Førdehuset og opp til ungdomskulen og rundt omsorgsbustadane. Utgangspunkteter at dette skjer berre ved naudstilfelle.

Bossdunkar setjast fram på vanleg plass der graveentreprenør bringar fram og tilbake om endra tilkomst for bossbil.
 

Kontaktpersonar:

  • Per Raftevold, Sunnfjord Kommune, telefon 91 86 79 17
  • Harald Solheim, Harald Kapstad AS, telefon 91 70 97 22