Pårørandekurs for pårørande til personar med demensTilbod til deg som har eit familiemedlem eller ven med demenssjukdom.Personen med demens kan vere heimebuande eller bu på institusjon. Gjennom faglege innlegg og gruppesamtalar får du kunnskap om demens. Du møter og andre pårørande i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området. Vi legg vekt på openheit i trygge omgjevnader. Opplysningar som kjem fram blir mellom deltakarane. Kurset er gratis og går over fire kveldarTid 10.,17., 24. september og 1. oktober Klokka 18.00–21.00 Stad: Førde omsorgssenter Puben i 1. etasjePåmelding innan 26. august til:Demenskoordinator Anne Karin Huus Erikstad på telefon 99 07 92 14, eller send E-postTema: Kva er demens? v/Camilla Savland Kommunikasjon og samhandling v/Toril Mari Terum Pårørandeerfaring Informasjon om ulike tenestetilbod i kommunen Hjelpemiddel og velferdsteknologi Framtidsfullmakt v/advokat Jan Erik Mardal Sist endra 12.06.2025 11.02