Organisasjonar kan sende innspel til kandidatar i ungdomsrådet

Organisasjonar som representerer ungdom, som elevråd, fritidsklubbar, ungdomshus og andre blir oppfordra til å kome med forslag til medlemmer og varamedlemmer i Sunnfjord ungdomsråd for perioden 2026–2027.

Val av ungdomsrådet

Ungdomsrådet har 20 medlemmer: 

  • 4 ungdommar frå vidaregåande skular og Førde ungdomsskule
  • 2 ungdommar frå dei andre skulane sine ungdomstrinn 
  • 2 ungdommar frå organisasjonar som representerer ungdom 

For å sikre at heile kommunen blir representert skal elevråda ved skulane velje sine kandidatar. Dei vel òg varamedlemmer. 

I tillegg blir andre organisasjonar som representerer ungdom oppfordra til å kome med forslag til kandidatar. 

Kommunestyret vel samansetting av ungdomsrådet i møte 24. september 2026. Representantane i ungdomsrådet kan ikkje ha fylt 19 år på valtidspunktet, og blir valde for eitt år. 

Arbeid i ungdomsrådet 

  • Ungdomsrådet skal gi råd til kommunestyret i politiske saker som gjeld for ungdom. 
  • Ungdomsrådet rundt 9 møte i året, etter skuletid kl. 15.45–18.00. 
  • Medlemmene i ungdomsrådet får møtegodtgjersle, og reisekostnadar blir dekte av kommunen. 

Send forslag innan 13. september

Send forslag til kandidatar til politikk@sunnfjord.kommune.no, innan 13. september 2026.

Om de fremjar fleire kandidatar bør de informere om dei blir fremja som medlem eller varamedlem.  

Alle kandidatane som blir foreslått må ha stadfesta at dei ønsker å bli valde.