Val av leiar og nestleiar
I neste møte 20. oktober valde ungdomsrådet Helene Andrea Haukereid som leiar og Birk Sørebø Hauger som nestleiar i denne valperioden.
Helene er frå Høyanger kommune og går andre året på studiespesialisering ved Førde vgs. Ho er ny i ungdomsrådet, men har erfaring som leiar i elevrådstyret ved Førde vgs.
Birk går i 10. klasse ved Vassenden skule. Han var medlem i ungdomsrådet i førre valperiode.
På bildet til venstre sit Helene og Birk i midten på fremste trappetrinn.