Til eigarar av landbrukseigedommar i Sunnfjord kommune og søkjarar om arealtilskot
Vi vil informere om at arealressurskartet i Sunnfjord kommune er oppdatert. Det betyr at arealtala i gardskartet ditt kan vere endra
Sjå oppdatert kart
Det kan vere lurt å sjå på kartet og arealtala no. Det er desse tala søknad om arealtilskot blir kontrollert mot ved førstkommande søknadsomgang.
Sjå gardskart her: Søk gård for å sjå endringane i kartet sidan førre søknadsfrist. Velg «Endring AR5» i lista til venstre, og vel deretter det øvste valet: «Okt. 2024 – nå»

Kvifor er det gjort endringar?
Det er Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) som har oppdatert karet. Når NIBIO oppdaterer arealressurskartet samanliknar dei kartet med det dei ser i nye flybilete, saman med kart med oppdaterte vegar og med opplysningar frå førstegongs feltkartlegging.
Dei fleste oppdateringane som er gjort skyldast at det har skjedd ei endring i landskapet, som nydyrking, nedbygging, tilplanting eller gjengroing. Det kan også vere at kartet tidlegare innehaldt feil som no er retta opp.
Det er arealets tilstand som skal leggast til grunn for klassifiseringa, ikkje bruken av arealet. Eksempelvis skal eit område som tilfredsstiller definisjonen for «fulldyrka jord» og kan fornyast ved pløying, registrerast som fulldyrka, sjølv om det brukast som beite.
Meir informasjon om arealressurskartet (AR5)
På NIBIO sine nettsider kan du finne meir informasjon om kartet AR5. Det er også laga ein brosjyre om arealressurskartet. For innmarksbeite er det laga eit eige informasjonsark. Les om innmarksbeite her.