Ungdomstida kan vere fantastisk – og utfordrande
- Korleis held vi kontakten når ungdomen trekk seg vekk?
- Korleis set vi grenser utan at alt blir ein kamp?
- Korleis kan vi vere den støtta ungdommen treng, samstundes som vi gir rom for sjølvstendigheit?
Du er ikkje åleine om å stille desse spørsmåla.
Velkomen til ICDP foreldregruppe
ICDP Ungdom er eit foreldreveiledningsprogram som hjelper foreldre med å styrke relasjonen til ungdomen sin gjennom refleksjon, erfaringsutveksling og auka forståing av ungdomen sine behov. Sjå meir informasjon om tilbodet på Bufdir si nettside: https://www.bufdir.no/familie/tilbud/icdp-grupper/
I gruppa møter du andre foreldre i same livsfase, og saman utforskar vi tema som:
- Kommunikasjon og samarbeid
- Grensesetjing og konflikthandtering
- Ungdomen sine kjensler og behov
- Korleis bevare den gode relasjonen
- Å vere ein trygg vaksen i ungdomstida
Dette får du
✓ Auka tryggleik i foreldrerolla
✓ Nye perspektiv på ungdomen sin kvardag
✓ Konkrete refleksjonar du kan bruke heime
✓ Moglegheit til å dele erfaringar med andre foreldre
✓ Fokus på det som fungerer, og korleis byggje vidare på det
Praktisk informasjon og påmelding
📅 Oppstart: 19. oktober 2026
🕒 Tid: 14.00–16.00
📍 Stad: Familiekontoret i Førde, Storehagen 1B
👥 Tal samlingar: 8
Datoar:
Månd. 19.10.26, tysd. 27.10.26,
månd. 02.11.26, månd. 16.11.26,
månd. 30.11.26, månd. 11.01.27,
månd. 18.01.27 og månd. 25.01.27.
💰 Gratis deltaking
ICDP Ungdom er eit avgrensa tilbod ved familiekontoret hausten 2026, og det er “fyrstemann til mølla” prinsippet som gjeld. Foreldre må sjølve ta kontakt med Familiekontoret for å melde seg på, seinast 12. oktober 2026. Gruppa blir på om lag 6-8 deltakarar og to veiledarar.
Påmelding innan 12.10.2026
📞 466 19 280
✉️ katharina.jamaris@bufetat.no