Nytt tilskot til aldersvenleg oppgradering av eigen bustadI 2026 kjem det ei ny tilskotsordning for deg som vil oppgradere bustaden din for å gjere han meir brukarvenleg. Husbanken arbeider no med å utvikle ordninga, og søknaden vil opne sommaren 2026.Tilskotet skal hjelpe innbyggjarar med å tilpasse bustaden sin, slik at han fungerer betre i ulike livsfasar. Målet er at fleire skal kunne bu godt og trygt heime lenger.Kva kan du bruke tilskotet til?Tilskotet kan brukast til å gjere bustaden din meir tilgjengeleg og funksjonell. Du kan til dømes byggje om bad, fjerne tersklar, installere betre belysning, handtak og rekkverk, eller gjere andre nødvendige tilpassingar som gjer bustaden meir brukarvenleg.Du kan få tilskot til nye tiltak, ikkje tiltak som allereie er sette i gang eller gjennomførte.Kor mykje kan du få?Du kan søkje om tilskot på inntil 75 000 kroner, og tilskotet kan dekkje opp til 25 prosent av kostnadene for tiltaka. Resten kan du eventuelt finansiere med lån.Når kan du søkje?Husbanken arbeider no med å gjere ordninga klar. Målet er å opne for søknader sommaren 2026.Husbanken sine nettsider Sist endra 21.01.2026 09.45