Nytt omsorgssenter i Førde – tilbygg eller nybygg?

I møte 16. oktober fekk formannskapet orientering om status for nytt omsorgssenter i Førde. Skal vi bygge nytt på barneskule-tomta eller kan vi bygge på dagens omsorgssenter?

Kort om saka

  • Sunnfjord kommune står overfor viktige vegval med tanke på utvikling av eit nytt omsorgssenter som skal møte framtidige behov.  Det vil vere 1350 fleire eldre i 2050 enn i dag, og av desse vil 400 vere over 90 år. Nasjonalt senter for aldring og helse sitt demenskart anslår òg at det vil vere rundt 450 fleire med demens i 2050.  

    I september 2022 vedtok kommunestyret at vi skal bygge 70 nye institusjonsplassar innan 2030, jf. Bustadsosial handlingsplan 2022–2030. I september 2024 vedtok kommunestyret at tomta ved Førde barneskule vert valt som tomt for nytt omsorgssenter i Førde.

    I lys av den økonomiske situasjonen som Sunnfjord kommune står i, der alle planlagde investeringar skal vurderast, ønskte formannskapet å sikre at valt prosjektet, «ny sjukeheim i Førde», er det mest gunstige økonomisk. Dette både når det gjeld investering, livsløpskostnad og drift av institusjonen.  I møte 3. april 2025 vedtok derfor formaannskapet ei slik bestilling om utgreiing:

    • Kan heile eller delar av moglegheitstudien av 2017 kunne nyttast, og samstundes integrere kapasitetsauken til eksisterande sjukeheim?
    • Er det skilnad på moglegheitene for Husbankfinansiering i dei ulike alternativa?
    • Er det mogleg å gjennomføre ulike alternativ som ei gradvis utbygging som gir oss rett kapasitet etter kvart som behovet melder seg?
    • Korleis vil ei gradvis utbygging kunne gi oss rom til å strekke på tidslinja for investeringsbehov?
    • Grovestimat på byggekostnader og tomtekostnader for dei ulike alternativa?
    • Vurdering av driftskostnad knytt til dei to alternativa med omsyn til personalbehov, logistikk, utnytte fellesrom (kjøkken, spisesalar, lager, behandlingsrom, lege tenester, osv.)
    • Kartlegge kva vi alt har av mogelege sjukeheimsplassar i kommunen.
       

    Kommunen har engasjert LINK Arkitektur for å lage ein mulighetsstudie for å undersøkje korleis ei kapasitetsauke for Førde sjukeheim med 70 nye sjukeheimsplassar kan løysast, og om dette vil vere økonomisk fordelaktig samanlikna med alternativet om nybygg.

 

Orientering i formannskapet 16. oktober 2025

  • Moglegheistudie for tilbygg ved Førde omsorgssenter

    LINK arkitektur ved Elin Heimark presenterte mulighetsstudie for tilbygg ved dagens omsorgssenter. Den viser at det er mogleg å auke kapasiteten med 70 institusjonsplassar ved omsorgssenteret. 

    Sjå opptak frå KommuneTV 

    Total kostnad for oppføring av tilbygg er usikkert så tidleg i prosessen, då det er mange faktorar som påverkar kostnaden som grunnforhold, val av standard med meir.  Anslaget på kostnad ligg på omlag 500 mill kroner inkludert mva. Eit grovestimat på byggekostnader vil truleg vise svært like tal også for alternativet med nybygg på barneskuletomta.

    Den største økonomiske fordelen ligg i å byggje tett inntil eksisterande bygg for å samle drifta og nytte allereie eksisterande fellesfunksjonar. Tilbyggsalternativet blir derfor vurdert som eit rimelegare alternativ for kommunen på litt lengre sikt.

    Mulighetsstudie Førde omsorgssenter, LINK Arkitektur

    Arbeidsgruppa i kommunen si vurdering

    Camilla Elvebakk Stein orienterte om behovsanalyse for institusjonsplassar og arbeidsgruppa sine vurderingar for nytt omsorgssenter i Førde

    Sjå opptak frå KommuneTV

    Arbeidsgruppa konkluderer med at eit nytt omsorgssenter vil gje det beste utgangpunktet for å bygge demensvenleg. Vidare er eit nybygg enklare å tilpasse endringar i behov utan store investeringar. Fleksible løysingar gjer det mogleg å omdisponere plassar mellom ulike brukargrupper, noko som reduserer risikoen for tomme plassar og unødvendige kostnadar.

    Presentasjon – Behovsanalyse innhald i nytt omsorgssenter

    Thor Ove Farsund gav ei orientering som eit førebels svar på bestillinga frå formannskapet. 

    Sjå opptak frå KommuneTV 

    I presentasjon kjem det mellom anna fram at om vi går for tilbygg ved dagens omsorgssenter må rive eksisterande bygg – 22 omsorgsbustader (pensjonistheimen) og dagsenter. Dette må i så fall erstattast.

    Presentasjon – Svar på formannskapet si bestilling om ny institusjon i Førde (PDF, 459 kB)

 

Kva skjer vidare?

  • Arbeidsgruppa hadde ei løypemelding i formannskapet 16. oktober. Dei vil halde fram arbeidet, fram mot årsskiftet. Så blir det lagt fram ei sak for kommunestyret som skal avgjere om vi skal gå for tilbygg ved dagens omsorgssenter eller nybygg ved barneskuletomta. 

Kontakt

Profilbilde av Kirstin Synnøve Bruland
Kirstin Synnøve Bruland
Kommunalsjef for omsorg
Telefon 57 72 61 03
Mobil 41 61 51 02