Nytt frå kommunedirektøren 9. mai 2025Ellen Jensen vert konstituert som personalsjefEllen Jensen vert personalsjef. Ellen Jensen Det er no ei god stund sidan vi lyste ut stillinga som personalsjef. Vi har hatt ei runde med intervju av søkarar. Den runden førte ikkje til at vi tilsette nokon eksterne kandidatar.Kommunedirektøren har saman med tillitsvalde difor vurdert om vi har interne kandidatar i eigen organisasjon. Det har vi.Ellen Jensen arbeider i dag med digitalisering i kommunen. Ellen har tidlegare vore rådmann i Jølster kommune. Ho har også vore personalsjef i Førde kommune. Jensen har også erfaring frå leiande stillingar i det private næringslivet. Ho er med andre ord godt kvalifisert for stillinga som personalsjef.Som kommunedirektør set eg stor pris på at Ellen seier ja til å bli konstituert i denne viktige stillinga. Den er viktig med tanke på alt det omstillingsarbeidet som no skjer i kommunen. Å ta vare på dei tilsette i krevjande tider er ein viktig del av det. Eg kjenner meg også trygg på at Ellen Jensen vil bidra til eit godt samarbeid med dei tillitsvalde.Ellen vil tiltre stillinga i byrjinga av august og konstitueringa vil gjelde for eitt år. Eg vil takke Ellen for at ho tar på seg denne oppgåva og ønskjer ho lukke til med nye utfordringar. Plan for helga?Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helgatil, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje. Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen! God helg til alle! Terje HeggheimKommunedirektør Sist endra 09.05.2025 12.31