Nytt frå kommunedirektøren 9. februar 2024

Overskrifter denne veka; Arbeidet med tenesteanalysar, Politisk verkstad om planstrategien. Fagdag for betre integrering.

Presenterte tenesteanalysar i formannskapet

Sunnfjord kommune står framfor eit viktig innsparings- og omstillingsarbeid.

Eit for høgt driftsnivå krev innsparingstiltak samtidig som vi må omstille til færre barnehagebarn, færre skuleelevar og fleire eldre. Knappheit på arbeidstakarar innan fleire fagområde gjer og behov for endringar.

Arbeidet er starta ved at administrasjonen har utarbeidd ei tenesteanalyse som kunnskapsgrunnlag. Denne vart presentert i formannskapet i går 8. februar. Nivå på innsparing og omstilling skal definerast i mars og forslag til innsparings- og omstillingstiltak skal leggast fram i mai/ juni i år. Vi gjer dette arbeidet for å utvikle dei kommunale tenestene til det beste for innbyggarane.

Arbeidet med planstrategi 2024 – 2027 er i gong!

Kommunestyret skal minst ein gong kvar valperiode vedta ein kommunal planstrategi. Enkelt forklart er det ei oversikt over kva planar administrasjonen skal jobbe ut i komande 4-årsperiode.  Dette kan dreie seg som temaplanar knytt til spesifikke område som skule, barnehage og eldreomsorg eller det kan vere arealplanar for større eller mindre arealområde (døme: Førde sentrum, Vikja, Vevring, Hafstadparken).

For å vite kva planar som er viktige å lage, så må vi vite noko om korleis kommunen utviklar seg dei neste åra og kva utfordringar vi står ovanfor. For Sunnfjord kommune ser vi at sentrale endringar er demografisk utvikling med færre unge og fleire eldre, auka innvandring, mangel på arbeidskraft, buattraktivitet og klimaendringar.  Kva skal vi gjere for å møte desse endringane og behova som oppstår som følgje av dette?

Tidleg i februar var kommunestyret samla til ein politisk verkstad for å drøfte sentrale utviklingstrekk framover og kva planbehov vi har som følgje av det. Vi opplevde at vi hadde politikarar som lytta til det kunnskapsgrunnlaget og dei planbehova vi presenterte, og at det var stort engasjement rundt arbeidet med planstrategi.  Administrasjonen skal no utarbeide eit endeleg forslag som vert sendt på høyring før det vert vedteke i kommunestyret i løpet av våren 2024.

Fagdag for betre integrering

Bilde av  tilsette som var samla til fagdag - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

I går gjekk formannskapet inn for å busette 120 flyktningar i 2024.  Til hausten skal vi vurdere om vi kan ta imot ytterlegare 60 til. Sidan 2022 har Sunnfjord kommune tatt i mot nærare 500 flyktningar.  Det er mange.  Vi må tilpasse kommuneorganisasjonen slik at vi både tar godt imot dei som kjem, men slik at vi er i stand til å gi dei gode tenester medan dei er her.

Dei som kjem frå Ukrainia no, treng andre og tyngre tenester enn dei som kom rett etter krigsutbrotet.

For at kommunen skal gjere så god jobb som mogleg i integreringsarbeidet er det naudsynt å samle dei som arbeider med flyktningar. Difor var over 110 tilsette samla til ein fagdag for tverrfagleg arbeid med flyktningar i kommunen vår.  Det handla om alt frå kva dei ulike sektorane tilbyr overfor flyktningar til praktisk bruk av tolketenester.

Skal vi lukkast med god integrering må einingane i kommunen planlegge og tilby tenester på tverrfagleg god måte.  Skal vi få det til, må vi auke vår eigen kunnskap om kva andre i kommunen kan bidra med. I så måte er ein fagdag med tverrfagleg fokus eit godt bidrag.  Lykke til vidare med det viktige arbeidet!

Plan for helga?

Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje. Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen!

God helg til alle!

Terje Heggheim
Kommunedirektør Sunnfjord kommune