Skulestruktur vedteken – no ser vi framover!

Etter ein lang og grundig prosess gjorde kommunestyret i Sunnfjord kommune torsdag endeleg vedtak om framtidig skulestruktur. Det markerer avslutninga på eit arbeid som har strekt seg over fleire år, og som har engasjert breitt i lokalsamfunnet.
Prosessen har vore krevjande for alle involverte. Tilsette i skulen har stått i usikkerheit og omstilling, elevar og foreldre har engasjert seg sterkt for sine nærmiljø, og folkevalde har hatt eit stort ansvar for å balansere faglege vurderingar med lokalpolitiske omsyn. Også administrasjonen har hatt ei sentral rolle i å legge fram kunnskapsgrunnlag og sikre god framdrift i prosessen. Dei tillitsvalde og dei tilsette sine organisasjonar har også hatt ein viktig medverknad i prosessen
Det har vore mange meiningar, sterke engasjement og kampar for eigne interesser. Det er naturleg i ei sak som rører ved både identitet, nærleik og framtidstru. Samtidig har det vore viktig å halde fast ved målet; å sikre god kvalitet og tilstrekkeleg kapasitet i skulesektoren i heile Sunnfjord kommune – både no og i framtida.
Vedtaket som no er gjort, gir eit klart utgangspunkt for vidare arbeid. Det er difor viktig at vi alle – uavhengig av kva standpunkt vi har hatt – ser framover og bidreg til å bygge gode og trygge skulemiljø for barna våre. Sunnfjord kommune skal vere ein attraktiv skuleeigar, med fokus på fagleg kvalitet, trivsel og utvikling.
Som kommunedirektør vil eg lojalt følgje opp kommunestyret sitt vedtak. Det er mitt ansvar å sikre at dei politiske vedtaka vert gjennomført på ein god måte, i tett samarbeid med dei som står nærast elevane –dei tilsette i skulen.
Eg har stor tru på at vi skal klare det Ikkje minst fordi eg trur kommunalsjef Åge Stafsnes vil breidde ut enno meir deltaking og involvering i det vidare arbeidet. Samla sett har vi eit sterkt lag som vil jobbe målretta for å realisere den nye strukturen, med respekt for prosessen som har vore - og det vi skal forme saman.
Reisemål Jølster

Tysdag kveld var det samling på Jølstraholmen. Mange hadde tatt vegen for å høyre meir om korleis Jølster kan utvikle seg og sine produkt til eit meir attraktivt reisemål. Ordførar og kommunedirektøren deltok på vegner av kommunen på samlinga.
Stein Ove Rolland frå Fjord Norge hadde ei innleiing med fokus på korleis vi kan utvikle destinasjonar. Korleis aktørar og ulike ressursar må samarbeide om å gjere grenda til eit turistmål.
Ordførar Jenny Følling fokuserte på det nye visningssenteret i Astruptunet som no er nærare ei realisering. Kva kan eit slikt senter bety for turisme til område.
Visit Fjordkysten og Sunnfjord ved Marita Solheim reflekterte også rundt temaet om korleis vi kan utvikle Jølster som reisemål. Ho la vekt på at det er i lokalt samarbeid og produktutvikling veksten skjer. Folk kjøper ikkje eit produkt, dei kjøper ei oppleving eller ei historie.
Vestlandsforsking stilte med seniorforskar Agnes Brudvik Engeseth som såg nærare på korleis vi kan få gjestane til å bli ein dag til. E-39 går tvers gjennom Jølster - å knekke koden vil difor også handle om dei som nettopp køyrer gjennom, faktisk tek ein stopp og kjøper ei oppleving. Lukkast vi betre med det, utviklar vi også Jølster som eit reisemål.
Etter ei omvising på Nye Jølstraholmen var det tid for gruppearbeid og innspel frå møtelyden. Der kom det fram mange innspel som kan vere med å lage eit grunnlag for korleis alle aktørar kan bidra i det vidare utviklingsarbeidet.
Internasjonal kafé – 10 år

Hausten 2015 tok Førde Røde kors og Førde Frivilligsentral initiativ til eit allmøte om flyktningekrisa og korleis vi kunne hjelpe dei som kom hit til området.
Det var eit stort engasjement blant lokalbefolkninga og resultatet vart å starte ein internasjonal møteplass og språk-kafé. Slik starta Førde internasjonale kafé som feira10-års jubileum tysdag denne veka.
Kommunalsjef Anita Norheim helsa frå kommunen og rosa det gode og inkluderande møteplassen. Førde internasjonale kor skapte stor jubel blant dei mange gjestane som kom denne kvelden.
Aksello og Sunnfjord utvikling vurderer eit tettare samarbeid

Onsdag kveld deltok eg på eit møte i Florø der næringsutviklingsselskapa Aksello i Florø og Sunnfjord Utvikling var arrangørar. Det var deltakarar frå næringsselskapa, bedrifter og næringsliv og det offentlege. Styra i begge selskapa har vedtatt eit prosjekt der vi skal sjå på korleis vi kan utvikle eit slikt samarbeid. Eit av fleire spørsmål prosessen skal svare på handlar også om vi slå selskapa saman, men i første omgang handlar det om styrking av samarbeidet.
Det pendlar dagleg rundt 1 000 personar mellom Førde og Florø. At så mange personar i jobbsamanheng dagleg flyttar seg mellom dei to byane, fortel at vi kan sjå Florø-Førde-aksen som ein felles arbeidsmarknad.
Vi fekk høyre frå Hallvard Klakegg i Sparebank 1 Sogn og Fjordane om kvifor Sunnfjordregionen ikkje har kome like langt som Nordfjord og Sogn i det å bygge strategiske alliansar. Ein representant frå Stavangerregionen fortalde om korleis alle kommunane rundt Stavanger målretta og på overordna plan arbeidde for utvikling av regionen.
Representantar frå næringslivet både i Florø og Førde deltok på møte og dei fleste tok til ordet for eit tettare samarbeid mellom dei to næringsselskapa.
No er prosjektarbeidet på sett og vis forankra i både byane, kommunane og næringslivet. Den komande rapporten vil vise om det er grunnlag for eit tettare samarbeid, eller om aktørane vil vere villige til å gå lengre.
Budsjettkonferanse i kommunen

Torsdag føremiddag vart det gjennomført ein budsjettkonferanse i kommunen. Ein slik konferanse har ikkje vore gjennomført før. Deltakarane var formannskapet sine medlemer, partia sine gruppeleiarar, leiarar av råd og utval, kommunedirektøren si leiargruppe, tillitsvalde og hovudverneombodet.
Konferansen handla ført og fremst om å ha ein dialog mellom deltakarane. Tema var stort sett kopla til den økonomiske situasjonen i kommunen. Drøftingane gjaldt i så måte om det handlingsrommet vi kan ha på drifta i kommunen. Det same for investeringane. Ein konferanse har ikkje som mål å konkludere eller vedta noko, men meir om å skape ei felles forståing av situasjon, utfordringar og moglegheiter. I så måte meiner eg sjølv at det var ei nyttig samling, men vi inviterte deltakarane til å kome med framlegg til korleis vi eventuelt kan gjere noko annleis, slik at fleire ser nytten med ein slik konferanse.
Det er meininga å ha ein ny budsjettkonferanse til våren.
Sunnfjord kommune med på innovasjonscamp

Høgskulen på Vestlandet (HVL) arrangerte for ei tid sidan ein innovasjonscamp. Der la Ungt entreprenørskap rammene for campen. Tema for dagen var velferdsteknologi i helse og omsorgstenestene med spesiell vekt på heimetenestene.
Det var Sunnfjord kommune som hadde laga dei ulike utfordringane som ingeniørstudentar og studentar ved sjukepleiarutdanninga som fekk bryne seg på dei ulike oppgåvene . Dei tok godt i mot oppgåvene og kom med mange kreative løysingsforslag på utfordringane vi står idei vart presenterte for og som speglar mange av dei situasjonane sketoren står overfor i dag.
Slik kan HVL, studentar, innovasjonsmiljø og kommunen arbeide saman for å finne dei gode måtane og løyse framtidas oppgåver på.
Plan for helga?
Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje. Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen!
Terje Heggheim
Kommunedirektør