Nytt frå kommunedirektøren 7. mars 2025Overskrift denne veka: Høyringsmøte temaplan landbruk onsdag 12. marsSunnfjord kommune er blant dei største landbrukskommunane i landet og det er rekordstor investeringsvilje mellom sunnfjordjordsbøndene for tida. Korleis legg vi til rette for å ta vare på dette og å utvikle det vidare? Kva tema er viktig å adressere? Kva strategiar skal vi jobbe etter i Sunnfjord? Dette handlar Temaplan landbruk om. På høyringsmøtet vil dei viktigaste regionale «landbruksaktørane» vere med på panelsamtaler og gje sine innspel til høyringsutkastet. I tillegg vert stortingsrepresentant Nils T. Bjørke (SP) med på møtet og han vil bidra med eit «utanfrå-blikk» på planen og sunnfjordlandbruket. Til slutt ei statusmelding som kan kaste lys over Sunnfjordlandbruket sin posisjonSunnfjord kommune er på topp ti lista over mjølkeproduksjon i Noreg.Sunnfjord er desidert størst på tal jordbruksføretak (500) og mjølk- og kjøtproduksjon i Vestland.Avverking av skog i Sunnfjord er på historisk rekordnivå og det er gode tømmerprisar.243 millionar kroner i produksjons- og avløysartilskot gjekk ut til bøndene i Sunnfjord i 2024, via kommunens søknadshandsaming.Investeringsviljen har ikkje vore så stor som no sidan 1970/80-talet. I Sunnfjord er det under bygging/løyvd investeringstilskot i 2024/2025 til :Mjølk lausdrift: 11 fjøsMjølk robot/velferd: 2 stkSau: 5 fjøsOkse: 1 fjøsGeit: 1 fjøs (generasjonsskifte)Gjødsellager: 3 prosjekt I tillegg vart 3 kyrafjøs og eitt sauefjøs ferdiggodkjende i 2024. Plan for helga?Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje. Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen!God helg til alle!Terje HeggheimKommunedirektør Sist endra 23.04.2025 09.55