Nytt frå kommunedirektøren 7. juni 2024

Overskrifter denne veka: Lønsoppgjeret i hamn. I natt vert det Kulturnatt. Nytt tilbod til dei med Aspberger syndrom. Besøk frå Canada. Ny innsynløysing i Sunnfjord kommune.

Partane er samde om lønsoppgjeret i kommunane for 2024

KS og arbeidstakarorganisasjonane i kommunesektoren er blitt samde om ny tariffavtale for 2024 – 2026.

Lønsoppgjeret kosta 5,2%, men det betyr ikkje at det vert gitt 5,2% i lønsauke.

For tilsette i lønskapittel 4 (lærarar, sjukepleiarar, barnehagelærar, fagarbeidarar assistentar m.v) er det gitt ein sentral lønsauke samt at det er satt av midlar til lokale lønsforhandlingar. Leiarar i lønskapittel 3 (einingsleiarar og assisterande einingsleiarar) samt tilsette i lønskapittel 5 (ingeniørar, legar, psykologar, rådgivarar m.v) skal forhandle all lønsauke lokalt i kvar sin kommune.

Dei lokale lønsforhandlingane vil skje til følgjande tidspunkt i Sunnfjord kommune:

  • 23. -25. sep: Lønskapittel 4
  • 30. sep - 1. okt: Lønskapittel 3
  • 2. okt og 4. okt: Lønskapittel 5

 

Gratis kulturopplevingar inne og ute.

kart over Førde sentrum med aktivitetar merka av - Klikk for stort bilete

Under KULTURNATTA får du oppleve buskspell, blues og brannbjørnen Bjørnis - kunstverkstader, kormusikk og korpsopptog - film utandørs, felemusikk og folkeliv. Over 300 aktive utøvarar er i sving på same tid, i Førde, i sommarkvelden og byr på gratis opplevingar. Møt kl 22 for å synge allsong i parken! Fleire arrangement går på same tid og du må velje kva du skal få med deg. Les programmet og velg ut di løype! Hjarteleg velkomen til kulturnatt i Førde 2024!

 

Nytt tilbod til dei med Asperger syndrom

Ei gruppe i frå fleire Bu og miljøtenester og Psykisk helse og rus har jobba ei tid med å få på plass ei fritids- og meistringsgruppe for dei med Asperger syndrom. Menneske med Asperger syndrom har gjerne vanskar med å vere sosiale og synest ofte det kan vere utfordrande å snakke med andre. Gruppa skal ha treffpunkt annakvar måndag på Prestebøen 8. Det vil vere miljøpersonale til stades. Det vert lagt opp til ulike aktivitetar som ein kan planlegge i lag med deltakarane. Vi håpar at vi kan klare å skape eit tilbod til denne gruppa menneske, samt at dei kan treffe andre som har dei same utfordringane.

 

Besøk frå Canada

Personar ved minnesmerket på Bringeland foto Sunnfjord kommune - Klikk for stort bilete

Førre fredag var Sunnfjord kommune vertskap for Joan Slover og Dave Slover som kom til Førde frå Canada for å heidre Joan sin onkel Claude Berges. Han var ein av 14 allierte som omkom under Den svarte fredagen i Sunnfjord. Link til NRK film om leitinga etter flyvrak. 

Egil Hjelmeland har hatt kontakt med fleire av etterkomarar etter luftslaget.

Magnar Skorven deltok som representerer for NVIO avd Sogn og Fjordane (veteranar) og NROF Sunnfjord/Ytre Sogn (reserveoffiserar)

Joan Slover og Dave Slover sette stor pris på mottakinga .

Ny innsynsløysing i Sunnfjord kommune

Sunnfjord kommune har fått ny innsynsløysing. Det blir litt endringar i måten postliste, dokument og saker blir vist på. Her får du oversikt over ulike måtar du kan få innsyn i kommuneverksemda på. Du finn og informasjon om retten til innsyn etter offentleglova.

Postliste og innsyn

I innsynsløysinga finn ein oversikt over post til og frå kommunen. Her kan pressa og publikum enkelt følge med i saker som blir behandla av kommunen og bestille innsyn.

Av omsyn til kvalitetskontroll blir dokumenta publisert med 2 - 3 dagars forseinking.

Dokument som ikkje er skjerma i samsvar med offentleglova kan lesast i fulltekst direkte på innsyn..

Dokument med personleg innhald som til dømes elev og personal er ikkje med på postlistene som er publisert på internett.

På nettsida vår kan du finne innsynsløysinga og korleis ein søker i den. 

Plan for helga?

Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje. Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen!

 

God helg til alle!

Terje Heggheim
Kommunedirektør 

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
E-post
Telefon 91 10 12 66