Landslovjubileet
Sunnfjord kommune feira denne helga 750-årsjubileum for Landslova og jølstringen Audun Hugleiksson si viktige rolle som lovskrivar. Ei storslått feiring i tre dagar!
Fagsamling,forteljearframsyning, opptog, konsertar, marknad, gilde med middelaldermat, jubileumsgudsteneste og opning av kulturmiljøløype.
Her er noko av det ordførar Jenny Følling sa i helsinga si:
Audun Hugleikson frå Ålhus var rettskyndig ut over det vanlege og vann kong Magnus Lagabøtes sin tillit. Han vart ein av kongens stallarer, og seinare baron. Hugleikson var skulert gjennom universitetsstudier i jus i utlandet, og hans diplomatiske karriere viser at han var språkleg begava.
Når vi feirar Landslova og lovskrivaren Audun Hugleiksson – så feirer vi ikkje berre ei historie og hendingar. Vi feirar verdiar som har forman samfunnet vårt og danna grunnlaget for rettsstaten.
Sjølv om ramma no er fest, høgtid og glede – så finst det eit djupt alvor kring denne landslovsfesten. Ei erkjenning av at dei verdiane som Landslova la til grunn for 750 år sidan, er verdiar vi må halde fram med å strekkje oss etter.
I landleigebolken står det;
«No skal ein gje fattigfolk husly om natta, og ikkje jage dei ut etter at sola har gått ned. Men dersom nokon bryt denne forordninga om fattigfolk, då er han skyldig til å bøte slik det før er sagt, og gå til skrifte og bøte for Gud for at han ikkje ville hjelpe eit kristent menneske.»
Slik fortel lova oss at vi skal hjelpe kvarandre, ikkje berre fordi lova seier det, men fordi samvitet vårt skal seie oss det same. Lova legg fram påbod som appellerer til det gode i oss. Ho byggjer på eit positivt menneskesyn og ei vissheit om at vi har moglegheit og fridom til å velje det gode i kvar og ein av oss.
Og lova var skriven slik at ho skulle kunne lesast av alle. Folk skulle vere kjende med rettane lova gav og pliktene ho kravde av oss.
For ho er slett ikkje utan krav. Stadig rettar ho peikefingeren, og den er ikkje vanskelege å forstå. Den gong var det lite som var verre enn at folk ikkje let att grinda etter seg - og dårleg gjerdehald - ja det var ei skam.
Og vi kan tenkje på og undre oss over korleis lova kunne bli slik. Så innsiktsfull, så direkte praktisk, om tilhøva kring om på gardane i bygdene våre.
Kan far til Audun – Hugleik i frå Jølster - ha sendt guten sin til Håkonshallen med denne formaninga.
Vi kan mellom anna lese frå landleigebolken; «No treng folk i bygdene å kjøpe såkorn, då skal den som treng det, fare til kongen sin ombodsmann med 2 vitne, og be han stemne til tinget og oppnemne skjønsame menn til å ransake alle bygder, så vidt som det trengst. Og der det finst korn til sals, skal ein fyrst sikre bonden såkorn og mat til husfolket, inntil dei får nytt korn.»
Mykje av livet til Audun er ukjent og det er lite vi veit om han og familen, men ved hovedkyrkja i Jølster finst framleis tuftene av borga Audun bygde, og minnesteinen står her framleis.
No har vi vår vakt ved sogeljoset. I dette lyset skimtar vi tidene før oss, og vi ser korleis dei held fram.
For då, som no skal vi vere trygge for mat og livsopphald. Der er det vi i dag kallar gode kvardagsliv. For det er kvardagar det er flest av. Det er i kvardagen det gjeld å gje kvarandre ei hjelpande hand når det trengs.
Så er det kanskje dette vi feirar, mest av alt. Det samfunnet som har fått har vokse fram under dei verdiane i lova som var ført i pennen av Audun Hugleikson.
Denne folkefesten på Ålhus er eit resultat av styrken å stå saman, dugnadsfolk, grendelag, kulturnæingar av alle slag, lag og organisasjonar, skular og utdanningsinstitusjonar, Sunnfjord kommune og Vestland fylke.
Festen skipar vi til i lag - av folket – og for folket. Sunnfjord kommune takkar alle som deltok og bidrog til folkefest for landslova på Ålhus i Jølster!
Alle sjetteklassingar på Ålhus
I samband med landslovsjubileet var alle 6. klassingene i Sunnfjord kommune i Ålhus 30. september.
Dei fekk ein skuledag i spora etter Audun Hugleiksson. 280 elevar frå Sunnfjordskulen fekk sjå dei historiske stadane der Audun hadde hestane sine, garden sin, borga si og båtane sine. Vi reiste tilbake til middeladeren og gjekk i spora etter Audun frå Ålhus.
Dei fekk oppleve konsert, framsyning og utstillingane i Eikaasgalleriet. Ein spanande dag. Tusen takk til alle som bidrog.
Helsing frå fylkesordføraren
Etter jubileumshelga fekk vi denne helsinga frå Fylkesordførar Jon Askeland.
Kulturell storhelg i Jølster!
Landslovjubileet går mot slutten, og det ville ikkje vore fullkome utan fokus på Audun Hugleikson, den sentrale lovskrivaren til kongen. Og for ei helg, det er berre å takka for det kulturelle storløftet i Ålhus!
Seminardag, teater, utstilling, samtalar, konsertar, fest med vikingmat i Borgja, kulturløype, festgudsteneste i den vakre kyrkja, og finale med fokus på Mikkelsmesse og kvinnene i vikingtida. Fulle hus på alle arrangement. Eg er imponert og vilt begeistra, og takkar alle for kraftløftet, som fortset med skulebesøk til veka!
Flaumsikringstiltak
Tidlegare i år fekk Sunnfjord kommune, etter å sendt søknad året før, tilsegn på statleg tilskot frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) til detaljprosjektering og bygging av sikringstiltak mot flaum i Sande sentrum. NVE dekkar 80 % av kostnadane og kommunen dei resterande 20 %, og tiltaket har eit kostnadsoverslag på 6.495.000 kroner eks. mva, og blei prioritert av NVE då tiltaka har høg nytteverdi i høve til kostnadane og vurdert å kunne gje auka tryggleik for liv og helse for mange menneske.
Lokalsamfunnet på Sande har 2014-flaumen friskt i minne, og kommunen vonar at me ved gjennomføring av disse tiltaka kan sikre verdiar i sentrum og legge eit godt grunnlag for ei god framtidig sentrumsutvikling på Sande. Etablering av slike tiltak vil samtidig i etableringsfasen medføre nokre ulemper, og kommunen ber om forståing for eventuelle ulemper dette vil kunne påføre enkelte innbyggarar, men også understreke viktigheita av å sikre våre eksisterande- og framtidige verdiar for framtida.
Kommunen har i denne samanheng også fått hand om eigna massar som kan nyttast i samband med flaumsikringstiltaka. Vi vil med dette også informere om at kommunen tenker å mellomlagre dette i nærleiken av der sikringstiltaka er tenkt etablert, nedanfor kommunehuset på Sande, mot elva. Oppstart av prosjektet er i nær framtid.
Sjå vedlagt bilete for oversikt over lokale flaumsikringstiltak.
Plan for helga?
Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje. Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen!
Terje Heggheim
Kommunedirektør