Nytt frå kommunedirektøren 31. oktober 2025

Overskrifter denne veka: Tilsyn med samfunnstryggleik og beredskap. Møte med dei nye legestudentane. Færre folk – men like gode lokalsamfunn. Møte i Region Fjordane.

Tilsyn med samfunnstryggleik og beredskap

Tysdag denne veka gjennomførte statsforvaltaren tilsyn med Sunnfjord kommune sin samfunnstryggleik og beredskap. Målet med tilsynet var å undersøke om arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap er i samsvar med krava i sivilbeskyttelseslova med forskrifter. Tilsynet hadde fokus på:

  • Heilskapleg risiko og sårbarheitsanalyse
  • Overordna beredskapsplan  med ressursoversyn, delplanar for krisekommunikasjon og plan for befolkningsvarsling og evakuering
  • Langsiktige mål, strategiar, prioriteringar og plan for oppfølging av arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap
  • System for opplæring, øving og evaluering
     

Tilsynet varte heile dagen og skjedde gjennom samtalar og gjennomgang av dokumentasjon.  Sunnfjord kommune har det meste på stell når det gjeld beredskapen.  Noko var det likevel å peike på og som vi kan bli betre på.  Det gjeld i første omgang korleis vi i det overordna planverket synleggjer kva ulike hendingar kan få konsekvensar for den kommunale tenesteproduksjonen.  Dette må vi difor omtale betre i beredskapsplanane våre.

Mennesker i møte - Klikk for stort bilete

Møte med dei nye legestudentane som skal studere i Førde

Torsdag kveld hadde ordføraren og eg gleda over å møte dei legestudentane som no er tatt opp ved Universitetet i Bergen (UiB), og som skal gå dei tre siste åra i Førde.  Vi hadde ei samling med studentane saman med representantar frå Helse Førde, UiB og Høgskulen på Vestlandet.  Samlinga vart kombinert med ein middag på restauranten Røyst.

Sunnfjord kommune er vertskommune for sjukehuset i Førde og såleis også for dei nye legestudentane.  I helsinga frå ordførar Jenny Følling la ho nettopp vekt på at vi ønskjer å vere ein god kommune og opphalde seg i – også for dei nye studentane. 

I dag fredag, fekk studentane omvising og orientering på sjukehuset i Førde-  Dei fekk det same på rådhuset i Førde, med meir informasjon om kommunen.  Til slutt fekk dei ei lita byvandring i sentrum, der dei blant anna var innom Peak og kunstmuseet. 

I dei neste tre åra skal dei studere vidare i Bergen.  Frå hausten 2028 er dei hjarteleg velkomne til å ta dei tre siste åra i Førde og Sunnfjord.

Mennesker i møte - Klikk for stort bilete

Færre folk - men like gode lokalsamfunn? 

I ei tid der mange kommunar opplever stagnasjon eller nedgang i folketalet, står vi overfor eit viktig val: Skal vi halde fram med å planlegge for vekst – eller skal vi ta grep for å skape gode liv i eit samfunn med færre folk og ei endra alderssamansetning?

Marit Lofnes Mellingen, direktør for Distriktssenteret, utfordra Sunnfjord kommunestyre med nettopp dette spørsmålet då ho heldt innlegg den 30. oktober. Ho var invitert i samband med rulleringa av kommuneplanen sin samfunnsdel, og snakka om «Samfunnsutvikling og stadattraktivitet i brytningstid».

Utfordringane er kjende: fleire eldre, aukande utanforskap, mangel på kompetanse – og ein kommuneøkonomi som blir stadig meir pressa. Samtidig aukar forventningane til kva kommunen skal levere.

Men framtida er ikkje berre utfordringar – ho er også full av moglegheiter. Mellingen løfta fram fem nøkkelfaktorar som avgjer om folk blir buande: arbeid, bustad, kvalitet i tenestene, inkludering og tilhøyrigheit – og ikkje minst gode møteplassar der folk kan kjenne seg heime.

Kommunar som lukkast, har tatt aktive grep – særleg innan bustadpolitikk. Men det handlar også om oss som innbyggarar. Mellingen stilte eit enkelt, men kraftfullt spørsmål: Kor ønskjer du å bu når du er 85 år?

Det er eit spørsmål som inviterer til refleksjon – og som minner oss på at samfunnsutvikling skjer i samspel. Mellom kommunen og innbyggarane. Mellom planlegging og liv. Mellom no og framtida.

Mennesker i møte - Klikk for stort bilete

Møte i Region Fjordane

I dag fredag var det møte i Fjorande interkommunalt politisk råd (Region Fjordane) i Høyanger.  Ordførar og kommunedirektøren stilte frå Sunnfjord kommune. Møtet fann stad i anlegget til Hydro Høyanger Recycling der vi også gjennomførte eit bedriftsbesøk.

Sakene som stod på dagsorden var blant andre ei evaluering av rådet som har vore eit pilotprosjekt over tre år.  Alle elleve medlemskommunane tok til ordet for at samarbeidet og rådet held fram som eit ordinært politisk regionråd. Pilotprosjektet går over i fast og permanent organ etter kommunelova.

Rådet gav også ein høyringsuttale til saka om det regionale flyrutetilbodet.

Regionrådet møtte også Stortingsbenken frå Sogn og Fjordane og fekk drøfta med stortingsrepresentantane om viktige saker i vårt område.

Mennesker i møte - Klikk for stort bilete

Plan for helga?

Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje. Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen!

 

Terje Heggheim
Kommunedirektør

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
Telefon 91 10 12 66