Sunnfjord kommune
Olaug Søgnesand, gratulerer med 100- årsdagen!
Førre laurdag følgde eg ordførar Jenny Følling og kommunalsjef Kirstin Bruland til Skei for å markere Olaug Søgnesand sin 100-årsdag. Familie, slekt og vener var invitert til ei samkome på Skei omsorgssenter.
Olaug vart fødd 25. januar 1925 på Søgnesand i Kjøsnesfjorden. Der budde ho i vel 95 år, til ho for fire år sidan flytta inn i eige husvære på omsorgssenteret på Skei
Olaug fortel om eit godt og rikt liv i Kjøsnesfjorden. Ho fortalde om alle dyra dei hadde, kyr, geit, gris og sauer. Ho kunne også fortelje om eit eige meieri dei hadde der. Det meieriet hadde dei like til det nye kom på Ålhus. Det kom i 1950. Den gangen var det største meieriet i Jølster på Vassenden. Det betyr at det var to meieri på strekke mellom Vassenden og Ålhus. Det var det like fram til meieriet på Vassenden vart nedlagt i 1970. På Ålhus vart det lagt ned i 1988. Ho fortalde også om båten Skjold som gjekk i rute på Jølstravatnet fram til 1938.
Det var med andre ord ei klår 100 år gamal dame som kunne fortelje om livet sitt i denne delen av Jølster. I tillegg til gardsdrifta har ho alltid likt å halde på med handarbeid.
Sunnfjord kommune gratulerer så mykje og ønsker lykke til vidare med tida som kjem!
Brukarundersøking om biblioteka
Vi er i gang med brukarundersøking på biblioteka i Sunnfjord, og inviterer alle brukarar av biblioteka i Sunnfjord til å delta i vår brukarundersøking. Skjema finn du på biblioteket. Målet med undersøkinga er å få innsikt i korleis vi kan forbetre våre tenester og tilpasse oss betre til dine behov som lånar ved det enkelte bibliotek. Undersøkinga vil vere tilgjengeleg på alle biblioteka i kommunen som er: Førde, Sande, Viksdalen, Vassenden, Skei og Naustdal bibliotek.
Dine tilbakemeldingar er viktige for oss, og vi set stor pris på at du tek deg tid til å delta.
Resultata frå undersøkinga vil bli brukt til å gjere biblioteka våre endå betre for alle brukarar. Takk for bidraget ditt!
Digitalt følgekort
Sunnfjord kommune tilbyr no digitalt følgekort. Du laster ned ein app og har alltid følgekortet tilgjengeleg på telefonen, også i område utan mobildekning. Digitalt følgekort kan bidra til meir fleksibilitet i kvardagen og er kanskje spesielt viktig for barn og unge.
Foreldre/besteforeldre og verge kan få tilgang til følgekortet ved å laste ned appen på sin telefon.
Dersom du har behov for følge eller assistanse for å gå på kultur- og fritidsarrangement eller nytte offentleg transportmiddel, kan du søke om følgekort. Med eit følgekort kan du ta med deg følge utan ekstra kostnader dersom arrangør eller transportselskap har slutta seg til ordninga.
Saman om omstilling del 2
Førre fredag skreiv eg om at leiarar, folkevalde og tillitsvalde var samla for å sette fokus på korleis det er å stå i eit slikt omstillingsarbeid vi no gjer i Sunnfjord kommune. I dag vart del 2 av denne samlinga gjennomført.
I dag konsentrerte vi oss meir om leiarskap og såg på modell for god leiing og styring. Korleis omstiller vi i praksis. Aktuelle deltema her er blant anna:
- Å leie under endring.
- Dei ulike leiarrollene
- Kva er leiargruppa si rolle i omstillinga?
- Om å stå i krysspresset mellom ulike forventningar
- Korleis får vi medarbeidarane med oss?
Eit anna viktig tema i omstillingsarbeidet er korleis vi kommuniserer og informerer. Korleis klarar vi å skape ei felles forståing for kva det er naudsynt å kommunisere om. Då er det viktig å sette søkelyset på:
- Informasjon til tilsette – korleis få til informasjonsarbeidet i kvardagen?
- Bruken av eksisterande kanalar og møteplassar
- Det blir aldri nok informasjon
- Korleis kommunisere når folk ikkje vil høyre?
- Korleis handtere media?
Det var ei nyttig samling der alle deltakarane var aktive og bidrog på ein god måte i dei mange drøftingane vi hadde.
Saman om omstilling har ein siste del 3 som vert gjennomført 26. februar.
Stortinget forlenga Førdepakken
Illustrasjon – Førdepakken
Stortinget gav tysdag ettermiddag «grønt lys» til forlenging av innkrevjingstida for Førdepakken med 5 år. No kan attståande prosjekt i Førdepakken bli gjennomførast. Slik sett kan byutviklinga i Førde halde fram.
I løpet av våren blir Angedalsvegen; frå Vaskarvollen og til Slåtten skule, og Kyrkjevegen lyst ut på anbod. Det same blir gang- og sykkelbrua ved Naustøyna; frå Møbelringen til Elvekanten. Bru over Jølstra ved Førdehuset vert bygd etter at Angedalsvegen er gjennomført. Desse prosjekta legg godt til rette for gåande og syklande slik at endå fleire kan gjere det.
Gratis ungdomsteater til ungdom og vaksne i Sunnfjord Kommune
Grill`n chill saman med kultur og ungdom ønsker å tilby ungdommar i Sunnfjord kommune høve til å gå på teater heilt GRATIS!
Emma møter Leo, og forelskinga er altoppslukande. Leo blir fort Emmas nye bestevenn og kjæraste. Ho kjenner seg heil og endeleg god nok. Saman lever dei i ei boble av eufori. Det viser seg likevel at Leo også finn desse kjenslene andre stader.
Emma er ei framsyning som tek for seg kampen mellom rus og kjærleik. Emma vil vere eit ope menneske som toler alt og alle. Det opne sinnet hennar lukkast derimot meir og meir etter kvart som situasjonane Leo set henne i, stadig blir meir ekstreme.
Passar for ungdom over 15 år
Bruk billettkategori Grill n`Chill
https://fordehuset.no/framsyning-scenekunsbruket-p2fqg1/
Formannskapet på synfaring
I går torsdag var formannskapet på to synfaringar. Den første handla om ei plansak ute på Kvellestad ved Vevring. Den andre på Hafstad vidaregåande skule.
Det siste heng saman med at kommunestyret tidlegare har bestemt at det anlegget skal huse Førde ungdomskule i framtida. Skulen er stor og rommar 20 klasserom og fleire spesial- og grupperom. Bygningsmassen er godt vedlikehalden og eg trur det vil bli ein flott ny ungdomskule i Førde sentrum.
Sunnfjord kommune
Moglegheitsstudie for Vikja
I dag vart Moglegheitsstudie Vikja rapportert ferdig og det er svært spennande kva eit lokalmiljø kan få til. Viksdalen nærmiljøråd sendte inn søknad om tilskot til berekraftig samfunnsutvikling og fekk tildelt 200 000 kr frå Vestland fylkeskommune. Midlane er nytta til moglegheitstudie. Eg gratulerer med godt arbeid.
Plan for helga?
Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje. Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen
God helg til alle!
Terje Heggheim
Kommunedirektør