Nytt frå kommunedirektøren 30. mai 2025

Overskrifter denne veka: Nedbemanning i barnehagesektoren. Sunnfjord kommune delte sine erfaringar om utbyggingsavtalar. Beredskapshage. Sunnfjord sentral på Folkehelse-konferansen.  Innspel til nytt omsorgssenter.

Nedbemanning i barnehagesektoren – innplassering og omplassering av tilsette 

Som kjent blei det vedteke at barnehagesektoren skulle redusere si drift jamfør politisk vedtak om kvalitet og kapasitet i barnehagesektoren.

Det tilsa at vi måtte redusere drifta i denne sektoren med om lag 30 årsverk i barnehageåret 2025-26. Arbeidsgjevar har saman med HTV i Utdanningsforbundet, Fagforbundet og Delta arbeidd med dette sia april månad, og arbeidet er no avslutta.

Målet har vore å unngå oppseiing av faste tilsette i barnehagesektoren. Dette har vi greidd. Mange tilsette held fram i same barnehage som før, ein del vert omplassert til andre barnehagar og nokon er omplassert til skulesektoren og omsorgssektoren.

Eg er klar over at dette har påverka mange i barnehagen; usikkerheit rundt eigen framtid, har eg arbeid neste år, kor skal eg arbeide neste år og kven er mine kollegaer, vil sjølvsagt prege kvardagen hos kvar og ein. Eg takkar derfor alle som har stått i det, og håper du er nøgd med den løysinga som no er vedteke for deg.   

Sunnfjord kommune delte sine erfaringar om utbyggingsavtalar

Bilde viser Bjørnar Karlsen og Ole John Østenstad som står på ei lita scene, fram for scena står det ein tredje prson som pratar i mikrofon. På veggen bak viser ein presentasjon. - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Tysdag 27.mai var Sunnfjord kommunen invitert til å delta på kurs i utbyggingsavtalar i regi av fylkeskommunen og entreprenørforeningen-Bygg og anlegg (EBA). Kurset la vekt på å styrke samanhengen mellom plan og gjennomføring.

Sunnfjord kommune var ein av to kommunar som presenterte eigne erfaringar kva gjeld utbyggingsavtalar. Det var også interessant å høyre erfaringane som Bergen kommune delte. Det blir viktig framover å definere rolla til kommunen som samfunnsutviklar. Føresetnad for effektiv bruk av utbyggingsavtalar er blant anna tydeleg utbyggingsstrategi i kommuneplanen og aktivt kommunalt engasjement både i plan- og gjennomføringsfasen. Rekkefølgekrav i arealplanane må vere målretta og realistiske i høve gjennomføring.

Takk til arrangørane for god formidling av eit viktig tema for areal- og samfunnsutvikling.  

Beredskapshage

Prosjekt Grøderike Sunnfjord og nærmiljøhagen på Prestebøen 8, som eg skreiv om i fjor, held fram arbeidet. I år er tema beredskapshage.

I beredskapssamanheng blir det snakka om å ha ekstra vatn, mat og medisinar til ein eventuell krisesituasjon. Vi tenker det også er viktig å kunne dyrke sin eigen mat med tanke på eigenberedskap. Målet er å vere betre rusta i tilfelle kriser som matmangel, straumbrot eller andre uføresette hendingar.  Kva ein skal plante i ein beredskapshage er viktig, men viktigast av alt er å ha kunnskap om dyrking. Gjennom workshops dette året kan du få praktiske tips og triks, og opparbeide deg litt erfaring. Følge med i aktiviteter i Sunnfjord kommune.  

Er du nysgjerrig? 13. juni er nærmiljøhagen ein av årets arenaer for kulturformidling. Denne kvelden kan du komme og oppleve den. Då vil pallekarmane vere fulle av grønsaker, urter og blomar. Mellom kl. 18 og 20 kan du treffe hageverten vår, som gjerne slår av ein prat. Du finn også informasjon på pallekarmane og i hageboda. Kl. 19 blir det hagekonsert med mannskoret Buldre – det vil du ikkje gå glipp av!

Sunnfjord sentral på Folkehelsekonferansen

Folkehelsekonferansen er den største av sitt slag i Noreg, og ein viktig arena for erfaringsutveksling, nettverk og læring for alle typar organisasjonar, både offentlege myndigheiter, bedrifter, fag- og forskingsmiljø og politikarar.  For 3. år på rad har Sunnfjord kommune fått antatt abstrakt til konferansen. Denne gongen med to bidrag, Grøderike Sunnfjord med Nærmiljøhagen og Skulefråværsprosjektet med Aminahagen. Det er kjekt at arbeidet vi gjer knytt til folkehelse vert vurdert til å ha nasjonal verdi og vert løfta fram!

Innspelsmøte om nytt omsorgssenter

Bilde viser ei forsamling i eit møte der ein person står på talarstolen. - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

"Eldre ønskjer å bu heime så lenge som råd ved hjelp av heimesjukepleie. Difor vil dei eldre som kjem på institusjon ha eit stort og komplekst hjelpebehov når dei har behov for institusjonsplass. Det er derfor viktig å velje modellar som legg grunnlag for å bygge opp god pleiekompetanse slik at vi kan hjelpe dei med komplekse pleiebehov!"  

Dette var eit av innspela som kom fram då vi måndag 26. mai hadde ope møte om innhald i nytt omsorgssenter.  Om lag 20 engasjerte innbyggarar og politikarar møtte. Dei vart utfordra på å drøfte korleis vi skal organisere alle institusjonsplassane i kommunen vår: kvar skal vi ha langtidsplassar, plassar for personar med demenssjukdom, korttidsopphald, rehabiliteringsopphald, avlastningsplassar m.v.?  I dag har vi omsorgssenter i Førde, Naustdal, på Skei og Sande. I tillegg skal det byggast 70 nye plassar i Førde. 

I møtet presenterte vi 3 ulike forslag til korleis vi kan organisere intitusjonstenestene våre: ein desentralisert modell med lokal forankring og fleksibel bruk, ein spesialisert modell med sentralisering av fagmiljø og ein kombinasjonsmodell med rotasjon og samdrift. Deltakarane fekk lov til å kome med innspel til kva dei meiner er viktig framover, og det var mange engasjerte diskusjonar i gruppene! Vi tar med oss innspela i det vidare arbeidet.  

Om du vil lese meir om arbeidet med nytt omsorgssenter, så finn du dette på heimesida vår: Nytt omsorgssenter i Førde. Her finn du også presentasjonen vi hadde i innspelsmøtet. 

Plan for helga?

Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje.  Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen

God helg til alle!

Terje Heggheim
Kommunedirektør

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
E-post
Telefon 91 10 12 66