Verdsmeisterskapen er i gang

Så er vi i gang med Verdsmeisterskapen i vektløfting. Det var offisiell opning i går torsdag ettermiddag og kveld. Ein delegasjon av folkevalde og nokre frå administrasjonen var invitert til ein vertskommunemiddag saman med arrangøren og andre frå vektløftarmiljøet, nasjonalt og internasjonalt. Seinare vart det ei opning av sjølve arrangementet i idrettshallen. Det vart ei flott oppleving med talar, gåver og kulturinnslag. Arrangøren har verkeleg lagt vekt på at Sunnfjord og Førde skulle i fokus på ein positiv måte. Vi har snakka litt om det på rådhuset i dag. Vi var rett og slett stolte og takknemlege som fekk vere ein del av det.
Frå torsdag 2. oktober til og med 11 oktober går sjølve stemnet av stabelen i Førdehuset. Over 600 utøvarar frå meir enn 100 nasjonar skal delta. I tillegg kjem trenarar, støtteapparat, tilskodarar, media og fleire med. Hotella i Førde er sjølvsagt stappfulle. TV-sendingar frå Førde vil gå til meir enn 100 millionar TV-sjåarar rundt om i verda.
Butikkar og verksemder vil heilt sikkert merke denne publikumstilgangen på ein positiv måte. Det vert fleire arrangement i Førde sentrum i løpet av perioden. Eg oppmodar alle om å slutte opp om arrangementa desse dagane. Vi ønskjer arrangøren lykke til med arrangementet og takkar for at dei klarte å få VM i vektløfting lagt til Sunnfjord og Førde. Takk og lykke til!
Verdsdagen for psykisk helse – markering på Skywalken 10. oktober
Den 10. oktober markerer vi Verdsdagen for psykisk helse på Skywalken i Handelshuset i Førde. Dette er ein viktig dag for å løfte fram kunnskap, openheit og samtale om psykisk helse – både i samfunnet og i kvardagen vår.
I år inviterer vi deg til å ta turen innom Skywalken mellom kl. 12.00 og 14:00 der du kan møte engasjerte aktørar, få informasjon, og delta i enkle aktivitetar som set fokus på korleis vi alle kan ta vare på vår psykiske helse. Turlaget arrangerer fakkeltog til Vidsyn med avgang frå rådhuset kl. 18. Du kan lese meir om det her: Fakkeltog
Kvifor er psykisk helse viktig?
Psykisk helse handlar om korleis vi har det med oss sjølve, korleis vi meistrar livet, og korleis vi fungerer i kvardagen. God psykisk helse er ein ressurs som gjer oss i stand til å møte utfordringar, bygge relasjonar og leve eit meiningsfullt liv.
Samtidig er psykisk uhelse noko som kan ramme alle – og det er viktig å vite kva som kan førebyggje det.
Kva kan styrke psykisk helse?
Her er nokre faktorar som kan bidra til betre psykisk helse:
- Gode relasjonar – å ha nokon å snakke med og kjenne seg knytt til.
- Fysisk aktivitet – bevegelse er bra for både kropp og sinn.
- Kvile og søvn – god søvn er avgjerande for mental balanse.
- Meining og engasjement – å delta i noko som gir meining, som frivillig arbeid eller hobbyar.
- Openheit og kunnskap – å snakke om psykisk helse og vite kvar ein kan få hjelp.
- Ta vare på deg sjølv
Markeringa på Skywalken skal vere ei påminning om at psykisk helse angår oss alle. Ved å vere bevisst på eigne behov, snakke med andre og søkje støtte når det trengst, kan vi styrke både vår eigen og andre si psykiske helse.
Velkomen til ein varm og inkluderande markering – saman kan vi gjere ein forskjell!
Annika Dvergsdal – frå assistent til helsefagarbeidar

Annika Dvergsdal bestod fagprøva med glans onsdag 1. oktober og kan no titulere seg som helsefagarbeidar – ein yrkestittel det er stort behov for i helse- og omsorgssektoren. Det er ein viktig og etterspurt kompetanse, og Annika er eit godt døme på korleis verdifull erfaring, kombinert med formell utdanning, styrkar kvaliteten på tenestene vi tilbyr.
Etter mange år som engasjert og omsorgsfull assistent på Naustdal omsorgssenter, med eit sterkt ønske om fagleg utvikling, tok ho steget vidare og begynte på vegen mot fagbrev med støtte og motivasjon frå gode kollegaer. Sjølve fagprøva var både spennande og nervepirrande, og ho fekk vist korleis erfaring og fagkunnskap går hand i hand. Då beskjeden kom om at fagprøva var bestått på ein svært god måte, var gleda stor. Kommunedirektøren gratulerer og ønskjer lykke til som fagarbeidar på Naustdal omsorgssenter.
Fårikålens festdag ved alle omsorgssentera i kommunen

I slutten september feira vi den tradisjonsrike Fårikålens festdag ved alle dei fire omsorgssentera i kommunen!
Fårikål er Noregs nasjonalrett og ein kjær hausttradisjon som vi gler oss til kvart år. Med lukta av lam og kål som fyller husa, skapar vi ei varm og god stemning for både bebuarar og tilsette. Det er ei tid for samvær og bordglede.
Vi pyntar litt ekstra til denne dagen – med haustlege dekorasjonar og fine borddekkingar. Målet er å gjere måltidet til ei oppleving som varmar både kropp og sjel.
Fårikålens festdag er meir enn berre mat – det er fellesskap, tradisjon og glede. Den gleda skal dei også ha på omsorgssentra våre!
Flytting av arkiv frå gamle Gaular kommune

Denne veka har tilsette frå Service pakka ned arkivet frå gamle Gaular kommune som fram til no har stått på kommunehuset på Sande.
Dei pakka totalt 26 pallar med arkivmateriale som på torsdag vart transportert til Kommunearkivordninga sitt nye arkivdepot på Leikanger.
På Sande kommunehus er det mykje aktivitet frå ulike tenester, og det er bra å få flytta arkivmaterialet til trygge og gode arkivlokale for å ta vare på det for ettertida.
Dersom du har behov for dokument frå dette arkivet, tar du som før kontakt med Sunnfjord kommune sitt dokumentsenter.
Plan for helga?
Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje. Her kan du i alle fall sjå gjennom aktiviteskalenderen iden nye innbyggarappen