Nytt frå kommunedirektøren 29. november 2024

Overskrifter denne veka: Verneomboda med samling. Opning av Naustdal helsesenter. Formannskapet på synfaring til Guleslettene vindkraftpark.

Verneomboda med samling.

Fagdag for verneomboda

Førre veke var verneomboda i Sunnfjord kommune samla til den årlege fagdagen i Førdehuset, arrangert av hovudverneombod (HVO) Veronica Jamaris Huus.

Personalsjef Jan Birger Moe presenterte nytt innan helse, miljø og tryggleik (HMT), inkludert ny rutine for kartlegging og overvaking av HMT-arbeidet i kommunen. Rutina legg til rette for systematisk oppfølging og styring av dette viktige arbeidet.

Controller Steffen Ben Jonstad orienterte om det nye eigekontrollsystemet «Rettesnora». Vi er no snart klare til å ta i bruk eit nytt avvikssystem, og alle tilsette har fått innkalling til opplæring.

Gunhild Øksne frå Avonova heldt eit inspirerande innlegg om temaet «Psykososialt og organisatorisk arbeidsmiljø». Verneomboda engasjerte seg aktivt i gruppearbeid om dette viktige temaet, som ofte kan vere meir krevjande å handtere enn til dømes fysisk arbeidsmiljø.

Hovudverneombodet melder at det å møtast fysisk til fagdag har stor verdi for vernetenesta. Verneomboda får ei god anledning til erfaringsutveksling og refleksjon saman med andre i same rolle, samtidig som dei får fagleg påfyll som kan styrke arbeidet i eiga eining.

Fagdagane er ein viktig arena for utvikling og forbetring av arbeidsmiljøet i kommunen.

  

Opning av Naustdal helsesenter

Opning av Naustdal helsesenter - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Eg vil gratulere alle innbyggarane i Naustdal med nytt helsesenter. På måndag 25. november opna Ordførar Jenny Følling og Håkon Myrvang Naustdal helsesenter. No er alle tenestene kome inn i dei nyoppussa bygga.

Kommunen har valt namnet Naustdal helsesenter for begge bygga, så skil ein bygga med bygg K (tidlegare kommunehuset) og bygg B (tidlegare bankbygget). I bygg K er tenestene legetenesta, psykisk helse og rus, aktivitetseininga, frivilligsenter, serviceeininga og helsestasjonen. I bygg B er heimetenesta, fysio – ergoterapitenesta og frisklivssentralen.

 

Formannskapet på synfaring til Guleslettene vindkraftpark

Formannskapet på synfaring på Guleslettene - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

I går reiste  formannskapet på synfaring til Guleslettene vindkraftpark.  Anlegget strekker seg over to kommunar, Bremanger og Kinn.  Synfaringa heng saman med at vi har mottatt to planinitiativ,  eit for Snøheia industrikraft og eit for Høyangerfjell vindkraftverk.  Kommunestyret skal 9. januar ta stilling til om desse planinitiativa skal gå vidare til ei konsekvensutgreiing, eller om dei vert å stoppe no.

I samband med at dei folkevalde skal handsame desse sakene, ønska formannskapet auka kunnskap om både prosessen og korleis ein slik park kan sjå ut. Difor vart det gjennomført ei slik synfaring med orienteringar frå Zephyr/Eviny og Bremanger kommune.

Anlegget starta kraftproduksjon i 2021 og består av 47 turbinar.

 

Plan for helga?

Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje.  

Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen!

 

God helg alle!

Terje Heggheim
Kommunedirektør