Nytt frå kommunedirektøren 28. mars 2025

Overskrtifter denne veka: Kvalitet og kapasitet i Sunnfjordpolitikken. Til alle tilsette i skular og barnehagar. Johanna Kvammen 100 år. Startlån for førstegongsetablerarar.

Kvalitet og kapasitet i Sunnfjordpolitikken

I går var det møte i kommunestyret. Det var to tunge og krevjande saker til handsaming.  Kvalitet og kapasitet i barnhagar og skular.

Eg vil rose kommunestyret for god handsaming av begge sakene.  Å gjere endringar i struktur i to sektorar som mange av innbyggarane meiner er dei viktigaste, kan vere både vanskeleg og krevjande. Eg opplever at den enkelte som folkevald og at dei saman som kollegialt politisk organ, har tatt desse sakene alvorleg, sakleg og drøfta dei på ein god måte. Ikkje minst verka det som at dei folkevalde hadde sett seg godt inn i det omfattande saksgrunnlaget.

Strukturendringar mobiliserer innbyggarane. Det skulle berre mangle og vi veit at det gjer noko med kamplysta til dei som kan bli råka. I kommunestyret i går høyrde vi om fleire tilfelle der dei folkevalde har blitt kontakta på ulike vis, og der bodskapen var å skjerme nettopp deira barnehage eller skule. Det er krafta og omfanget av desse bodskapa som kan gjere det utfordrande å vere lokalpolitikar.

Som kommunedirektør opplever eg at de som folkevalde har vist og tatt ansvar, på vegner av, og til beste for innbyggarane våre på lang sikt. Det vil eg takke dykk for.

Til alle tilsette i skular og barnehagar

Etter ein lang og krevjande prosess har strukturgrepa i Kvalitet og kapasitet i Sunnfjordskulen og Sunnfjordbarnehagen blitt vedtekne. Det er bra at vi har fått ei avklaring, då det er tungt å stå i ein prosess der ein ikkje veit kva som skjer med arbeidsplassen sin. Samstundes er det ein krevjande dag fordi mange no vil bli påverka av dei endringane som er vedteke. Det skapar og usikkerheit om eigen situasjon og om dei endringane som vil kome.

Informasjon blir viktig i ein slik fase og eg vil prioriterer arbeidet med å informere tilsette om arbeidet og prosessen vidare.  Du som tilsett må så langt som råd få informasjon om korleis vi ser for oss flytting og ombygging av skular og barnehagar. Vi vil og informere og vere i dialog med einingsleiar om korleis vi best mogleg kan følgje opp deg som tilsett framover.

Sjølv om omstillingar er krevjande, er eg trygg på at vi kjem til å lukkast. Det er fordi Sunnfjordskulen og Sunnfjordbarnehagane er av dei beste i landet, takka vere dei tilsette. Kompetansen, engasjementet og det sterke profesjonsfellesskapet vi har i skule og barnehage, gir oss eit godt utgangspunkt. Vi veit at de står opp for elevar og born kvar einaste dag, og eg trur vi skal finne gode løysingar og gjennomføre endringane til det beste for både elevar, born og tilsette. Vi ønskjer kvarandre lukke til med det.

Ordførar Jenny Følling gratulerer Johanna Kvammen 100 år. Fotograf: Sunnfjord kommune. - Klikk for stort bilete

Johanna Kvammen 100 år

Johanna Kvammen fylte 100 år 22. mars. Johanna er oppvaksen på Ålhus og måtte tidleg arbeide på garden. Allereie som 12 åring hadde ho og søster ansvar for stølsdrift. Familien omtalar Johanna som eit arbeidsjern som jobba både tidleg og seint. Ho har mellom anna jobba i Posten i fleire år. Johanna stifta familie på Eikås og dreiv butikk der.

Johanna har eit godt minne og har bidratt med informasjon til «historia om Jølster». Ho har alltid vore glad i folk og det var mange som var samla for å feire Johanna på den store dagen.

Startlån for førstegongsetablerarar

Husbanken har starta ei forsøksordning med startlån retta mot førstegongsetablerarar. Sunnfjord kommune har fått høve til å vere med på forsøksordninga i 2025. Målet med ordninga er å gjere det lettare for personar som har langvarige utfordringar med å få bustadlån i ordinær bank, til å komme seg inn på bustadmarknaden.

Ordninga rettar seg i hovudsak mot dei som kjøper bustad for første gong. Det inneber at fleire, som er noko betre økonomisk stilt enn dei som får startlån i dag, kan få høve til å kjøpe sin eigen bustad.

Les meir om ordninga og vilkåra her: 

For deg som vil søke startlån og tilskudd - Husbanken

Om du har spørsmål til ordninga eller treng hjelp til å søke, ta kontakt med tenestetorget i Førde på tlf. 57 72 20 00. 

Plan for helga?

Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje. Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen!

Terje Heggheim
Kommunedirektør

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
E-post
Telefon 91 10 12 66