Alvorleg for kommuneøkonomien
I går orienterte eg kommunestyret om den økonomiske stoda i kommunen. No er det alvor. For 2024 har vi eit underskot på 135 millionar kroner. Vi har ei drift som vi må ta ned med 71 millionar kroner i år.
No vert det innført ei rekke tiltak:
- Tilsettingsregulering, vakansar vert ståande
- Vi må sikre inntektene våre
- Det vert innført ei strengare innkjøpsregulering
- Det vert innført ei strengare regulering med bruk av overtid
- Vi må sjå på bruk av ressursmodellen i skule
- Einingar med meirforbruk vert følgde opp tettare
- Dette vil få konsekvensar for nivået på tenestene vi gir
- Alle framtidige investeringar vert vurdert på nytt
- Pågåande investeringar vert gjennomgått
Eg ønsker å vere klar på at situasjonen no er særs alvorleg. Dei folkevalde gav eit sterkt uttrykk for at dette arbeidet vert å prioritere. Det er eg samd i og vi legg opp til ei tettare rapportering til det politiske nivået.
Eg må også vere ærleg på at det vil bli aktuelt å sjå på fullmakter og ansvarsdelinga i organisasjonen. Vi skal stoppe pengestraumen ut der vi kan det. Det gjeld i første rekke ved kjøp av varer og tenester.
Eg pålegg difor alle einingsleiarar om å gå gjennom situasjonen med sine tilsette og også ta innover seg korleis dei skal følge dei tiltaka som er nemnde ovanfor. Kommunalsjefane vert beden om å kontrollere at det vert gjort.
Løypemelding ny omsorgsinstitusjon
Sunnfjord kommune skal bygge eit nytt omsorgssenter med 70 institusjonsplassar som skal stå klart i 2030. Det er politisk vedteke at omsorgssenteret skal byggjast på tomta til Førde barneskule. Omsorgssenteret bør sikre eit godt og variert tilbod til pasientar med demens.
Arbeidet med å planlegge innhald i omsorgssenteret er no i gang. I arbeidspakke 2 i prosjektet jobbar vi med å utarbeide ei behovsanalyse. Vi skal gjennomføre ei rekke innspelsmøte ute hos aktuelle einingar og politiske utval for å få innspel i høve behov.
Vi ønsker tilbakemeldingar på:
- Kva type institusjonsplassar har kommunen vår behov for i dag og i framtida?
- Kva pasientgrupper får per i dag ikkje dekka sine behov i institusjon?
- Korleis skal vi fordele plassane på best mogleg måte mellom dei ulike institusjonane i kommunen?
- Er det behov for samlokalisering av einskilde tenesteeiningar?
- Kva andre tenester (kjøkken, vaskeri, aktivitetstilbod m.m.) som må på plass for å drive ein institusjon?
Vi ser også på ulike forslag til korleis løyse eit aukande behov for institusjonsplassar i perioden fram til 2030.
Eventyret Mission Zero
Sunnfjord utvikling
Tysdag 25. februar 2025 hadde Sunnfjord kommune saman med Renasys og Hellenes Industrier ei offisiell opning av satsinga Mission Zero. Det er ei nyvinning som handlar om at kommunane sin avløpssektor skal bli klimanøytral. Målet er 100% gjenvinning, eliminere all utslepp av ureina avløpsvatn og gjenbruk av slam til jordforbetring.
Co-Founder & CEO i Renasys, Christopher Sveen, har vore sentral i utvikling av dette konseptet. Han meiner at om fem år skal alle kommunar i Norge kunne nytte denne teknologien – eller «pasiòn for bæsjen» som han sjølv seier på sin rogalandske – dansk-amerikanske dialekt. Renasys har ved fleire høve òg orientert om teknologien internasjonalt. Sjølv Hillary Clinton på vegne av sitt Clinton Global Initiative takkar Renasys for at dei bidreg med ei meir berekraftig framtid for oss alle. Det gjorde ho i eit eige videoinnslag.
På opninga av Mission Zero som ordførar Jenny Følling stod for, deltok også Fredric Hauge og tidlegare kommunalminister Erling Sande. Begge var svært entusiastiske over det potensiale denne teknologien har.
Innovasjon som bedriftene Renasys og Hellenes står bak, vil faktisk kunne redusere gebyr for kvar av oss, i alle høve ikkje auke dei. Dette var òg bodskapen frå Morten Meyer i Huseierenes Landsforbund. Han var oppteken av korleis slike innovasjonar kjem innbyggarane til gode.
Rådgjevar i Norsk Vann, Arne Haarr, har følgt prosjektet lenge og meiner alle kommunar må få tilgang til den teknologien som er utvikla i Førde.
Det er veldig kjekt at Sunnfjord kommune har fått lov til å vere testsenteret gjennom vårt reinseanlegg på Øyrane. Det sparer faktisk kommunen for store utgifter ved at vi unngår ei investering i oppdatert reinseanlegg på nærmare 100 million kroner.
Eg må elles få skryte av dei som har vore involverte hos oss. Magne Reidar Førde som er sivilingeniør og tilsett på teknisk avdeling, har hatt eit stort engasjement for satsing og orienterte om prosjektet. Det same gjorde leiar i Renasys si avdelinga i Førde, Tomas Eikelid, og Hellenes Industries ved CEO Jørgen Lorenz. Stor takk også til tidlegare kommunedirektør i Førde og Sunnfjord kommune, Ole John Østenstad, som er prosjektleiar for Mission Zero. Han har òg saman med ein god gjeng hatt ansvaret for programmet.
Mission Zero:
Reinseanlegget til Sunnfjord kommune i Førde har vore testsenter for Renasys og Hellenes Industrier. Kommunane Kinn, Stad, Stryn, Gloppen, Sogndal og Indre Østfold deltek også i utviklingsprosjektet. Frå kommunen si side er vi opptekne av å dele erfaringane våre med heile kommunenorge. I Sunnfjord har vi no på plass eit fullskala reinseanlegg frå Renasys basert på filterteknologi. I direkte tilknytning til kommunen og Renasys sine anlegg, planlegg Hellenes Industrier eit anlegg for tørking og pyrolyse av avløpsslammet
Fagdag om migrasjonshelse
Sunnfjord kommune
Tysdag 25. februar var over 70 tilsette på poeng-gjevande kurs/fagdag i Migrasjonshelse.
Innvandrarar og flyktningar treng alle tenester, nett som alle andre innbyggjarar, men mange har med seg bagasje vi lyt kunne noko om for både å kunne hjelpe og integrere. Grunnleggande kunnskap om både fysisk og psykisk migrasjonshelse er såleis viktig i alt frå skule, kultur og idrett, omsorg og politi til helsetenester.
Kommunalsjef for skule Åge Stafsnes opna dagen, så var det å sette seg godt til rette. Veldig kjekt at vi fekk hit dyktige Valeria Markova frå Senter for migrasjonshelse, som på praksisnært og lettfatteleg vis fekk formidla kunnskap til alt frå legar og psykologar til miljøvaktmeistrar og NAV.
Temakveld om skulefråvær
Torsdag 27.februar var det duka for nok ein temakveld i skulefråværsprosjektet, denne gongen om autisme.
Dyktige folk frå vårt eige PPT gav engasjerte lokale og tilreisande tilhøyrarar ei innføring i kva det er, og korleis vi kan legge til rette . Relevante spørsmål og fine diskusjonar kjem alltid i etterkant av slike kveldar. Sjølv om det byr på til dels vonde historier let det oss og få verdifull kunnskap om korleis vi kan gjere skulekvardagen betre for denne elevgruppa.
Neste temakveld vert 3.april, då om elevar med stort/høgt læringspotensiale, både med og utan læringsutfordringar – følg med på Friskus, Skulefråværet sin Instagram, samt kommunen sine nettsider.
Sunnfjord kommune
Plan for helga?
Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje. Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen
God helg til alle!
Terje Heggheim
Kommunedirektør