Nytt frå kommunedirektøren 28. april 2023

Gratulerer Ine Andersson! Gåvemidlar til Gamlebanken. Vel gjennomført bustadkonferanse. Kan det bli eit tettare samarbeid mellom SySIKT og IKT Nordfjord? Endeleg; siste etappe i renoveringa av Førde ungdomsskule. Vi arbeider med ein ny rekrutteringsstrategi. Møte med brukarane av Hafstadparken.

Gratulerer Ine Andersson!

Ordførar Jenny Følling gratulerer Ine Andersson med sølvmedalje i Europameisterskapen i vektløfting.. - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Det er nokre dagar sidan no, men vi gratulerer Ine Andersson med sølvmedalje i Europameisterskapen i vektløfting. Det er jo sjølvsagt kjekt at innbyggarar i kommunen vår gjer det godt i nasjonale og internasjonale tevlingar. Ekstra kjekt vert når vedkomande i tillegg jobbar i kommunen vår. Ine steller til dagleg med brannførebygging i Sunnfjord kommune. Måndag inviterte vi difor Ine til lunsj på rådhuset. Ordførar Jenny Følling helste og gratulerte på vegner av oss alle. Alle tilsette som var i kantina denne måndagen slutta seg til gratulasjonane.

Vi ynskjer Ine Andersson lykke til vidare med idretten og ser fram til 2025. Då er det VM i Førde.

Sparebanken Sogn og Fjordane gir midlar til Gamlebanken

Ei gruppe med ordførar Jenny Følling i spissen viser glede over gåve på 3000.000 kroner til Gamlebanken. Gåve frå Sparebanken Sogn og Fjordane. - Klikk for stort bilete Sunniva Knutsen, Sparebanken Sogn og fjordane

Førde kommune kjøpte Gamlebanken i 1964. No er bygget vølt utvendig og ser flott ut der det ligg og inviterer inn til området som kanskje er sjela i gamle Førde. Kommunen har brukt mange millionar på nytt tak og utvendig vedlikehald. No kan vi ta fatt innomhus.

I første etasje som husar den ærverdige Hårklau-salen, vil det bli bygd ut eit kaféareal i naborommet. Andre etasje skal romme kontorplassar og møterom for frivillige lag og organisasjonar, medan Friskliv- og frivilligsentralen skal flytte inn i tredje etasje. Det vil òg vere treningsrom og kjøkken i bygget.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane gav i går tre millionar kroner til det vidare arbeidet. Ordførar og andre frå kommunen var til stades ved overrekkinga av pengegåva. Gåva betyr mykje for å kunne ta fatt på det vidare arbeidet, og vonleg kan den vere ein motivasjon for å få på plass den endelege finansieringa av prosjektet. Vi treng mellom åtte og ti millionar for å kome i mål. Men, takk til sparebankstiftinga for den flotte gåva.
 

Ei dame held foredrag og viser bilde på storskjerm - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Bustadkonferanse

Måndag denne veka arrangerte Sunnfjord kommune og Husbanken bustadkonferanse. Ved hjelp av Førde Industri og næringssamskipnad og Jølster næringsforum, fekk vi invitert aktuelle bustadutviklarar, og rundt 20 deltakarar frå privat næringsliv møtte.

Programmet starta med at Sunnfjord kommune v/Liv Janne Bell Jonstad orienterte om behovet for kommunale bustader og utviklinga ein ser føre seg i åra som kjem, målt opp mot demografiske endringar. Sunnfjord Tomteselskap fekk presentert seg og sine idear om framtidig funksjon for selskapet. Deretter gjekk Husbanken gjennom sine låne- og tilskotsordningar og presenterte vellukka og gode samarbeidsprosjekt, finansiert med lån i Husbanken. Det var gledeleg å høyre at Husbanken andre stader, bruker Apotekergården og Lindhagen som referanse for gode samarbeidsprosjekt. Christina Kvamme frå Xform AS hadde så innlegg om sine erfaringar med å utvikle Apotekargården i Førde, der Sunnfjord kommune i tidleg fase var med som kjøpar av 14 omsorgsbustader. Tilbakemeldingar om kva som fungerer og kva som kan gjerast betre, er nyttig informasjon med tanke på seinare prosjekt.

Formålet med konferansen var å skape dialog og kommunikasjon mellom private bustadutviklara og kommune, for framtidige samarbeidsprosjekt. Sunnfjord kommune har særleg tanke for dei finansielt svake gruppene i samfunnet, og målet er at med god dialog i tidleg fase av byggeprosjekt, kan ein oppnå at også desse målgruppene kan ta del i bustadmarknaden. For å oppnå det må ein utvikle bustader til overkommelege prisar, og då er det avgjerande at ein innrettar byggeprosjekta slik at ein kan dra full nytte av finansieringsløysingane som Husbanken kan tilby. Sett frå den private tilbydar sitt perspektiv, kan samarbeid med kommune vere avgjerande for om eit bustadprosjekt kan realiserast.

Denne konferansen var kimen til eit meir aktivt samarbeid med private aktørar og vert nok ein av fleire, og det var gode tilbakemeldingar frå deltakarane. Samarbeid med privat næringsliv-Husbank-kommune er ein viktig del av framtidig løysing for betre tilpassa bustader for eldre, og for andre med behov for tilrettelagt bustad.

Tettare samarbeid mellom SySIKT og IKT Nordfjord?

Med bakgrunn i ein rapport frå konsulentselskapet Agenda Kaupang frå 2022, er det sett i verk eit arbeid for å sjå på om det er grunnlag for eit tettare samarbeid mellom dei to interkommunale ikt-samarbeida. Rapporten skisserer ei rekke forslag for å få dette til og selskapet meiner at eit langsiktig målbilde kan vere at dei to selskapa blir slått saman. Det er alt inngått ein intensjonsavtale om tettare samarbeid mellom dei to selskapa. SySIKT har 8 medlemskommunar og IKT Nordfjord 5. Til saman bur det 85.000 personar i dei 13 eigarkommunane.

I første omgang skal det utarbeidast eit forprosjekt som skal avdekke om det er reelt grunnlag for ei samanslåing. Forprosjektet skal skissere korleis ein samanslått organisasjon kan organiserast og driftast, og følgje opp forslaga frå Agenda Kaupang sin rapport. Det er oppretta ei prosjektgruppe der Stein Mortensbakke, Leif Einar Dale og Eli Fitje representerer SySIKT. Kommunedirektørane Terje Heggheim og Jens-Eivind Kobbeltvedt (Solund) er representantane frå SySIKT i styringsgruppa. Prosjektleiar er Ole John Østenstad.

Før sommaren blir det lagt fram ei orienteringssak for kommunestyra i eigarkommunane.

Siste etappe i renoveringa av Førde ungdomsskule

Måndag starta endeleg siste etappe i renoveringa av Førde ungdomsskule. Entreprenørselskapet Donar, som vann anbodet, byrja då med klargjering for riving av den delen av skulen som blei mest råka av brannen. Det er etablert eit riggområde på nordsida av skulen, og i løpet av veka har arbeidet kome godt i gong.

Renoveringa er inndelt i tre ulike fasar. I løpet av sommaren blir entreprenøren ferdig med arbeidet på vestsida av fløyen som no blir riven slik at alle undervisningsrom inn mot aulaen vert frigjort før skulestart. Innan 1.september blir administrasjonsfløyen ferdig, og dei tilsette kan flytte attende til kontora sine. Den mest brannråka delen av skulen, inngangsparti, spesialrom og toalett skal vere ferdig før haustferien. Det blir bra for både elevar og tilsette å kome attende til ein normal kvardag ved skulen! Eg meiner alle har vist tolmod i så måte.

Ny rekrutteringsstrategi

Den demografiske utviklinga i Norge tilseier at vi i tida framover får ein mangel på arbeidskraft generelt, og innan offentleg sektor spesielt.

Sunnfjord kommune er ikkje i nokon annan situasjon enn andre kommunar når det gjeld tilgang til arbeidskraft. Vi har visse fortrinn med at det ligg fleire utdanninginstitusjonar i vårt nærområde, men samtidig konkurrer vi om den same arbeidskrafta med andre større offentlege og private institusjonar. Det er såleis inga tvil om vår kommune i tida framover vil stå overfor store utfordringar med å ha nok arbeidstakarar med rett kompetanse inn i fleire sektorar og einingar. Derfor har eg vedtake at vi skal utarbeide ein rekrutteringsstrategi for Sunnfjord kommune som skal omhandle korleis vi skal rekruttere nye arbeidstakarar og behalde/stabilisere dei vi har.

For å arbeide med dette er det satt ned fire partsamansette arbeidsgruppar beståande av einingsleiarar, hovudetillitsvalde og personalrådgivarar innanfor omsorg-, skule- og barnehagesektoren samt reinhald. Det betyr ikkje at vi ikkje har utfordringar innanfor for eksempel tekniske einingar eller som til dømes barnevern, men sett i ein større samanheng, så er omfanget her mindre og meir på individnivå. I sektorane overfor, taler vi meir om grupper av tilsette slik som sjuykepleiararnepleiar, undervisningspersonalet, barnehagelærarar, fagarbeidarar innan helse/omsorg og barnehage.

Arbeidsgruppene har frist til 1. september med å utarbeide sine framlegg. Deretter skal vi arbeide med dei på leiarsamlinga i oktober. Målet er å ha ein strategi på plass i byrjinga av 2024.

Hafstadparken og storhall – møte med brukarane

Tysdag den 25.april inviterte Sunnfjord kommune til møte i Førdehuset med representantar frå aktuelle brukargrupper av Hafstadparken, i samband med kommunen sitt forprosjekt som skal sjå på vidareutvikling av Hafstadparken og vurdering av alternative lokaliseringar av ein ny storhall i Førde.

Bakgrunnen for forprosjektet er i hovudsak Førde IL sitt initiativ om ein isolert dukhall på bane 2 i Hafstadparken, der formannskapet etter orientering frå Førde IL den 2. februar vedtok at det skulle settast i gong eit forprosjekt. Våre folkevalde ville dermed at før kommunen sjølv gjennomfører ei eventuell reguleringsendring som opnar opp for større byggetiltak i Hafstadparken, skal vurdere og i større grad involvere og høyre innbyggarar og brukarane av Hafstadparken sine meiningar om vidareutvikling.

Det blei eit godt brukarmøte, der kommunen fyrst ved tidlegare rådmann Ole John Østenstad fortalte om bakgrunn og historikken til Hafstadparken og by- og arealplanleggjar Patrick Langeland om dagens føringar og forprosjektet. Vidare hadde Indre Sunnfjord turlag, Førde IL., Førde tennisklubb og Sunnfjord idrettsråd innlegg om sine førebelse synspunkt, samt avslutningsvis opna for debatt. Det er elles godt å sjå at vidareutvikling av Hafstadparken engasjerer, som seier noko om at dette er eit tema og område som er viktig for mange – som eg også ser igjen i både samfunnsdebatten, møter og i dei fleire hundre digitale innspela som er sendt inn av innbyggarar så langt. Eg oppfordrar dermed alle som ynskjer å gå inn på lenka å - sei di meining om vidareutvikling av Hafstadparken innan svarfristen 1.mai!

Plan for helga?

Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje. Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen!

God helg til alle!

Terje Heggheim
Kommunedirektør