Nytt frå kommunedirektøren 27. juni 2025

Overskrifter denne veka: Sunnfjord kommune med eigen seniorpolitikk. Region Fjordane med støtteerklæring til nytt visningssenter i Astruptunet. Meir makt til kommunane i plansaker

Sunnfjord kommune med eigen seniorpolitikk

Sunfjord kommune har no vedteke sin eigen seniorpolitikk kor målsettinga er at fleire held fram i arbeid etter nådd pensjonsalderen. Om du ikkje vel å arbeide i 100% stilling, så ønskjer eg at du vurderer ein kombinasjon av jobb og pensjon, om og der det er mogleg.

Dei tiltaka som vi no har vedteke, baserer seg mellom anna på kva tiltak diverse forskingsrapportar meiner fungerer best. Så hadde kanskje nokon ønskja seg meir løn og meir fritid som ei belønning for å stå lengre i stilling. Som du ser så har vi ikkje innført dette som ei generell ordning. Derimot har vi mange andre gode tiltak som eg har tru på vil fungere.
Ikkje alle tiltaka er heilt klare til å bli sett i verk enno, men det vil skje fortløpande.

Region Fjordane med støtteerklæring til nytt visningssenter

Fjordane Regionråd med fleire på synfaring ved Astruptunet - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Tysdag var Fjordane Regionråd på synfaring ved Astruptunet. Her fekk dei ei spanande omvising og kunstformidling ved Tor Martin Leknes. Kommunalsjef for kultur og idrett, Anita Nordheim, heldt ein presentasjon og gav ei orientering om status for det planlagde visningssenteret ved Astruptunet.

I 2028 er det 100 år sidan Nikolai Astrup døydde. Å få på plass eit nytt visningssenter dette året vil ha sterk symbolsk kraft. 

Søknad om støtte til visningssenteret er sendt til Kulturdepartementet, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Sparebankstiftelsen DNB og Vestland fylkeskommune. 

Sunnfjord kommune arbeider tett saman med Musea i Sogn og Fjordane for å sikre framdrift, med mål om realisering i 2028.

Astruptunet er allereie internasjonalt kjend og har potensial til å bli like viktig for Vestlandet som Munch har blitt for hovudstaden. Visningssenteret skal supplere den over 100 år gamle kunstnarheimen med nødvendige funksjonar for framtida. Det skal leggje til rette for betre utstillingsforhold, universell tilkomst og regulert publikumsstraum til det sårbare kulturminnet – der bygningar, hage og landskap nyleg er restaurerte (2020–2024).

Visningssenteret vil gje publikum ei unik moglegheit til å oppleve kunsten til Nikolai Astrup i samanheng med naturen, husa og landskapet han levde og arbeidde i – og slik formidle heilskapen i livsverket hans.

Informasjon:

Meir makt til kommunane i plansaker

I Sunnfjord kommune har vi hatt nokre saker der statlege klageorgan har omgjort vedtaka dei folkevalde har gjort.  Dersom det blir mange slike saker kan vi oppleve at det lokaldemokratiske sjølvstyre vert utfordra. No har Stortinget vedtatt nokre formuleringar som eg trur vil styrke det kommunale sjølvstyre.

«Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om reduserte plankrav i plan og bygningsloven. I henstillingen ber Stortinget regjeringen om å vektlegge sterkere det lokale selvstyret som en grunnleggende verdi i plan, areal og byggesaker enn dagens praksis.»

Sjølvstyret er også styrka i ny forvaltningslov «Begrunnelseplikta ved statleg overprøving av den kommunale skjønnsutøvelse presiseres. Statlege klageorgan skal legge særskild stor vekt på sjølvstyret ved utøving av det frie skjønn.» 

Dessutan er det presisert at rettleiarar og retningslinjer ikkje er bindande for kommunane.

Som kommunedirektør meiner eg endringane i lovverket vil vere med å styrke kommunane sin posisjon i plansaker.

God sommar!

Dette er siste nyhendebrevet før sommarferien.  Eg ønskjer tilsette og folkevalde ein god sommar.

Plan for helga?

Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje.  Her kan du i alle fall sjå gjennom:

 

God helg til alle

Terje Heggheim
Kommunedirektør

 

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
Telefon 91 10 12 66