Nytt frå kommunedirektøren 26. mai 2023

No kan du betale kommunale gebyr meir når det passar deg. NAV ligg i fysisk hardtrening. Det kan sjå ut til at vi kan få eit litt større økonomisk handlingsrom i kommunen. Mange aktivitetstilbod i Den kulturelle spaserstokken. Vi startar arbeidet med ein førebyggande plan for barn og unge. Leiaren i ungdomsrådet orienterte kommunestyret om rådet sitt arbeid.

Betal slik det passar deg

Alle rekningar kjem ulagleg i høve privatøkonomien, men vi veit dei kjem. Dei kommunale avgiftene har kome fire gongar i året. Nokon ønskjer å betale mindre oftare. No legg vi til rette for det. Vil du dele opp dei kommunale gebyra og få faktura kvar månad i staden for fire gonger i året? Det ordnar vi. Du må sende ein e-post til avgiftsomrade@sunnfjord.kommune.no, eller ringe 57 72 20 00. Dersom du ringer må du vere budd på at vi treng å vite namn, gards-og bruksnummer. Du kan inngå ein slik avtale når som helst i løpet av året.

Vinn NAV Helse-Førdestafetten?

I Nytt frå kommunedirektøren 14. april skreiv eg; «Eg er overtydd om at vi vil kome i mål før seglet vert tatt ned. Det vert derimot nedslåande å sjå at barneverntenesta, NAV , bygg og eigedomsforvaltning og Førde ungdomsskule ikkje rekk grillmaten. I går under kommunestyret sitt møte fekk eg denne meldinga: NAV Sunnfjord har tatt utfordringa di på strak arm og vi har førebudd oss i fleire veker med målretta og hard trening. Sjølvsagt med einaste mål om å vinne! Sjå filmen om korleis NAV har førebudd seg til stafetten på Sunnfjord kommune si Facebook side.

Sunnfjordøkonomien mot betre tider

I går presenterte assisterande kommunedirektør Lise Mari Haugen framlegget til økonomiplanen fram til 2027. Det ser lysare ut. Vi kan få til å flytte pengar til den sektoren som treng det; omsorg.

Vi skal ikkje bli så veldig detaljerte. Men dersom vi gjennomfører sparinga vi no er i ferd med å få til i 2023, og dersom inntektene blir som vi ser dei no, ja då kan vi få eit betre økonomisk handlingsrom om nokre få år.

Det betyr at vi kan få på plass viktige investeringar som til dømes fullfinansiering av Friskhuset i Naustdal, Sande skule, ombygging av Hafstad vidaregåande skule til ungdomsskule og ombygging av sistnemnde til ny barneskule. Vi har også fått på plass midlar til ny brannstasjon i Førde, samt ei høgre årleg avsetting til vedlikehald av kommunale vegar og bruer.

På driftssida får vi til eit viktig grep dei neste fire åra. Vi klarer å styrke den sektoren som vi veit vil trenge meir ressursar i åra som kjem; omsorg. Slik det ser ut no, vil vi klare å styrke drifta til omsorg med over 20 millionar kroner. Det er kan hende det viktige grepet, men vi får også til ei styrking i andre delar av den kommunale drifta.

Som sagt; vi orienterte kommunestyret om dette i går. Det er sjølvsagt dei som til sjuande og sist avgjer korleis dei vil prioritere fellesskapen sine midlar. Eg trur likevel også dei folkevalde er meir tilfreds med at det samla sett kan sjå ut til at også dei får eit større handlingsrom til å prioritere innanfor.

Den kulturelle spaserstokken

Sunnfjord kommune har, som tidlegare år, søkt om midlar til Den kulturelle spaserstokken. Planen er å halde fram med kulturformidling til bebuarar i institusjon og heimebuande seniorar. I tillegg til konsertaktivitet og andre kulturopplevingar har vi forsøkt å vere nyskapande. Eit av tiltaka er mat og kulturformidling gjennom Reisekofferten. I eit samarbeid mellom kjøkkentenesta, distriktsmusikarane og kulturformidlar skal vi ha fokus på kortreist mat og kultur, så vel som internasjonalt og eksotisk. Til dømes Oktoberfest i Bayeren/Voss, smak av Jølster, Mexico, Italia eller fjerne Austen. Rett og slett kulturformidling for å skape matglede, matfellesskap og førebygge einsemd. Følg med

I tillegg vil vi utvikle grøntområda rundt omsorgsbustadar og omsorgssentera med konseptet urbane hagar for seniorar. Hagestell har helseeffekt og mange saknar hagestell når dei flytter i leilegheit. Vi vil formidle kulturen av hagebruk, odling av frukt, grønnsaker og sjølvforsyning. Samarbeidspartar her håpar vi blir kjøkken, dagsenter, landbruksskule og frivillige senior-organisasjonar. Målet er å kunne skape lågterskel møteplassar og aktivitet på området som i dag er lite brukt.

Så her vert det mange tilbod ut over vår og sommar. Følg med på heimesida til kommunen for kor tid dei ulike aktivitetane startar opp.

Førebyggande plan barn og unge

Følger du med på heimesida vår, ser du at Førebyggande plan for barn og unge er starta opp. Her vil det komme meir informasjon og invitasjon til å komme med innspel. Vi vil gjerne høyre frå deg og kva du meiner er viktig i ein slik plan.

Årsmelding frå ungdomsrådet

Medlemar av Ungdomsrådet 2022 -2023 - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

I går handsama kommunestyret årsmeldinga til ungdomsrådet. Leiaren i rådet, Wictoria Bujnicka orientere om at dei gjennom ni møte i fjor handsama til saman 49 saker. I tillegg til å vise til årsmeldinga tok ho opp nokre saker som er viktige for ungdomsrådet og som dei ønskjer større fokus på framover. Gjerne med støtte frå dei folkevalde.

Først gav ho uttrykk for at jenter i skulen burde få tilgang på gratis sanitetsmateriell. Det veit vi at også enkelte ungdomsparti har på dagsorden. Ho streka også under at ein del unge slit med den mentale helsa. Ho inviterte difor kommunestyret til å sjå på korleis vi kan styrke skulehelsetenesta for å møte dei utfordringane.

Angedalsvegen og Kyrkjevegen er skuleveg for rundt 1 000 elevar. Leiaren i ungdomsrådet poengterte då at arbeidet med Førdepakken må halde fram og at desse to vegane i alle fall måtte prioriterast. Ordføraren repliserte då at dei tidlegare i møtet nettopp hadde vedtatt å

søke om ei forlenging av innkrevingstida slik at vi kan sikre desse to og så mange som mogleg av prosjekta i pakken.

Dette var nokre av sakene Wictoria tok opp med kommunestyret. Mange av kommunestyret sine medlemer gjekk på talarstolen og rosa leiaren i rådet for måten dei arbeider på og gav også uttrykk for støtte i nokre av dei sakene ho tok opp.

Plan for helga?

Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje. Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen!

God helg til alle!

Terje Heggheim
Kommunedirektør Sunnfjord kommune