Nytt frå kommunedirektøren 25. april 2025

Overskrifter denne veka: Ny restaurant på Førde omsorgssenter. Folkevalde vil følgje opp situasjonen ved Førde omsorgssenter. Ryddedugnad 7. mai. Markering 8. mai.

Ny restaurant på Førde omsorgssenter

Restaurant på omsorgssenter, fullsett med eldre, pårørande og tilsette - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Onsdag denne veka var det for første gong duka for «pop up» restaurant på Førde omsorgssenter. Det var påskepynta lokale og gjester ved alle bord. Restauranten er eit samarbeid mellom Sunnfjord demensforening, Norske kokkers landsforening Sogn og Fjordane, kokk- og servitørlina ved Førde vidaregåande skule og Kjøkkentenesta i Sunnfjord kommune. På menyen stod fiskesuppe med laks og fennikel som forrett, hovudretten var heilsteikt kalvefilet med godt tilbehøyr og til dessert ein nydeleg pannacotta og bærsalat. Elevar frå vidaregåande skule stilte opp som servitørar og rett som det var kom kokkane innom restauranten for å slå av ein prat med gjestane. Det var god stemning kring borda.

Restauranten er førebels utan namn. Gjestene blei oppmoda om å komme med gode forslag. Og det kom mange gode forslag. Jorunn Kirketeig frå demensforeininga ønsker å involvere innbyggarane i val av namn. Så føl med. Planen er at restauranten skal «poppe opp» fleire gongar gjennom året, og då med eit klingande namn.

Folkevalde vil følgje situasjonen ved Førde omsorgssenter tett

Som vi har skrive om tidlegare så arbeider vi systematisk med å følgje opp fleire forhold ved Førde omsorgssenter. Arbeidet skjer som følgje av dei tilhøva vi sjølve ønskjer å betre  og av tidlegare tilsyn frå statsforvaltaren..  

For ikkje lenge sidan (25. mars) fekk vi eit brev frå Statsforvaltaren. Her ønskjer dei tilbakemelding frå oss på nettopp korleis vi følgjer opp dei tidlegare meldte avvika. Her ønskjer eg å understreke at det ikkje er snakk om nye avvik, men ein dokumentasjon frå vår side om korleis vi held fram arbeidet med ulike tema vi har korrespondert om tidlegare. Det skal vi sjølvsagt gjere.

Dei folkevalde ønskjer å vere oppdatert i denne saka. I går fekk eg ei bestilling frå dei folkevalde om at det er behov for at utval for helse og omsorg, og formannskapet vil få ei grundig orientering. Spesielt med fokus på korleis kommunen vil følge det opp. Målet med det vidare arbeidet må vere at tilsynet vert lukka. Eg vil difor så snart som råd legge til rette for ei slik orientering.

Ryddedugnad 7. mai i Førde

Også i år vil vi invitere til ryddedugnad i Førde. Det skjer 7. mai i tida 1700–1900. Det blir lagt ut informasjon på heimesida vår om korleis arbeidet vert organisert. Sjølv om kommuneøkonomien er trong, vil dei tekniske tenestene i kommunen prioritere dette arbeidet, og vi vil sjølvsagt bli takknemlege for alle innbyggarar som ønskjer å delta. Førde sentrum vil bli delt inn i ulike ryddeområde (roder) og det vil bli eit kontaktpunkt i kvart område.

Det blir som sagt lagt ut meir utfyllande informasjon på heimesida vår om dugnaden. Eg håper du kan vere med, og seier på førehand  - takk for det!

8. mai markering i Førde 

I førre Nytt frå kommunedirektøren skreiv eg om den planlagte markeringa 8. mai. Det er no 80 år sidan krigen vart slutt og det vart fred i landet. Det vil bli markert både på fredsdagen og det vil bli fleire arrangement den veka. Med den tida vi lever i no ønskjer eg mange deltek på dei ulike tilstellingane, og såleis syner at vi ønskjer fred framfor alt anna.

Lenke til programmet finn du her

Plan for helga?

Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje. Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen !

 

Terje Heggheim
Kommunedirektør
 

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
E-post
Telefon 91 10 12 66