Leiargruppa si strategisamling

Måndag og tysdag denne veka hadde eg med leiargruppa (kommunalsjefar og personalsjef) på ei strategisamling. Det er viktig at vi som ei kollegial gruppe set av litt meir tid og drøftar saker som er viktige for drift og utvikling av kommunen. Vi drøfta blant anna moglege endringar i personalreglementet, KS sitt debatthefte, sjukefråværet i kommunen. Vi har to store omstillingssaker på gang i kommunen; kvalitet og kapasitet i skular og barnehagar. Det var naturleg at vi drøfta desse sakene og at vi sikrar ei sikker og realistisk framdrift i dei to sakene. Likeså er den økonomiske situasjonen i kommunen alltid naudsynt å ha fokus på.
Det skjer mykje utviklingsarbeid i ein norsk kommune, også i Sunnfjord. I ein kommune med 2 400 tilsette vil det av og til vere naudsynt å ha ei oversikt over alt det viktige utviklingsarbeidet som skjer. Eg meiner vi har god kontroll på det arbeidet, men vi saknar ei samla oversikt. Det vil vi no skaffe oss.
Som kommunedirektør har eg også ansvaret for kommunen sin eigenkontroll. Det er eit stort arbeids- og ansvarsområdet som vi no har fått eit nytt digitalt støttesystem til. Samlinga vart avslutta med at vi gjekk gjennom status på innføringa av det nye systemet.
Ungdomsstorband
Førre helg hadde det nystarta Ungdomsstorbandet i regionen si andre samling på kulturskulen i Førde. Dette er ei satsing som skal gje dei unge ein arena for samspel og fordjuping i jazz og storbandmusikk. Raymund Hoclas frå Bremanger er musikalsk leiar og Trude Skarvatun er spelande instruktør og praktisk tilretteleggar. 18 ungdommar er påmeldt satsinga frå tre av ni samarbeidande kommunar. Søndag ettermiddag var det huskonsert for foreldre der dei fekk høyre resultatet av to dagars intens musisering. Dei fekk høyre låtar av mellom anna Duke Ellington, Freddie Hubbard, Herbie Hancock med eigenproduserte improvisasjonar frå nokre av ungdommane.
Sunnfjord kulturskule søkte og fekk midlar til å drive denne fordjupinga/talentsatsinga i regionen. Midlane er tildelt av Sparebankstiftelsen DNB og Norsk kulturskoleråd forvaltar dei). Vi samarbeider med Kinn, Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Solund, Bremanger, Stryn og Høyanger, i tillegg til Firda vidaregåande skule om denne satsinga. Vi gir også fordjupingstilbod i visuelle kunstfag, som har halde på nokre år og har hatt eit svært attraktivt tilbod for framgangsrike, dyktige elevar. Eit metalband frå Solund har samlingar i Førde og får coaching her til si vidare karriere. Og no har vi starta ungdomsstorband i regionen for å utfylle mangfaldet i tilbodet ungdomane får møte.
Mål for satsinga
- At alle barn og unge “som ønskjer det og er kvalifiserte for det, skal kunne få eit fordjupingstilbod uavhengig av kva kommune dei bur i” (Stortingsmelding 18, punkt 8.3.7).
- “Regjeringa vil oppmode til at nokon kulturskolar i kvart fylke/region tek eit særskilt ansvar for fordjupningstilbodet der det er behov for det” (Stortingsmelding 18, punkt 8.2.4)
- Vi vil bruke piloten til å forankre fordjupingstilbodet i regionen politisk i respektive kommunar i løpet av prosjektet.
- Vi vil sikre berekraft gjennom å finne langsiktige økonomiske løysingar. Her vil vi følge opp arbeidet med “Regional plan for kultur, idrett og friluftsliv” i Vestland fylke.
Stor oppslutnad om folkemøta

I samband med innsparing og omstilling i skular og barnehagar vert det gjennomført fem folkemøte. Det siste vil bli på Vassenden tysdag kveld i neste veke. Det har vore godt oppmøte. Tysdag denne veka trur eg mest alle i Viksdalen prøvde å få plass i gymsalen på skulen.
Vi har køyrt eit fast opplegg i møta. Ordføraren ønskjer velkomen. Deretter går vi gjennom dei føreslegne tiltaka i barnehagesektoren, før vi gjer det same om skulane. Deretter vert det høve for dei frammøtte å seie det dei ønskjer. Ordføraren avsluttar møte.
Å gjere endringar som handlar om å legge ned skular og barnehagar utløyser mobilisering. Heilt naturleg, og det skulle berre mangle. Samstundes er det naudsynt, for alle, å erkjenne at vi ikkje kan halde fram som i dag. Då går det gale. Vi må flytte pengar frå oppvekst til omsorg.
Det er kanskje ein fellesnemnar når det gjeld tiltaka utanom dei i Førde sentrum; reisetid. Elevar, foreldre, foreldre- og samarbeidsutval tek til ordet for at reisetida vert for lang for barna. Frå administrasjonen si side har vi vore opne om det. Innspela er i mange tilfelle klåre på at reisetida vert ut over det som dei kan akseptere. Mange av høyringsinnspela vil nok heilt sikkert handle om det.
Alt i alt er eg nøgd med gjennomføringa av møta. Oppslutninga fortel om engasjerte innbyggarar i kommunen. Tenk det motsette. Den tanken likar i alle fall ikkje eg.
Kurs i saman om omstilling

Det eg har skrive om ovanfor fortel om ein kommune som står framfor store omstillingar og innsparingar. Korkje folkevalde, leiarar eller tillitsvalde har møtt så store utfordringar tidlegare. Vi ser kva vi må gjere, men har liten erfaring med det. Då tenker først på det som gjeld å flytte pengar frå ein sektor til ein annan. Som ei skrivebordøving er ikkje det vanskeleg, men i praksis, ei stor utfordring. Ei utfordring fordi det råkar nokon som i heile etterkrigstida har vore prioritert, dei unge. Korleis kan vi skape forståing blant innbyggarane for ei slik endring?
Barnehagar og skular i Sunnfjord er blant dei beste i landet. Målet etter omstillinga er at dei skal halde fram med det.
I dag fredag er det samla nærare 110 leiarar, tillitsvalde og folkevalde i Førdehuset. Temaet er nettopp korleis vi kan jobbe saman om desse oppgåvene. Det er sett av tre dagar til eit kurs som handlar om at vi saman skal gjennomføre den omstillinga. Dei to første kursdagane handlar om leiarskap og det å arbeide saman. Den siste bolken vil handle om dei ulike rollene. Kva er viktig for ein einingsleiar i ein slik situasjon. Det same spørsmålet kan vi stille med tanke på rolla som folkevald og som del av kommunedirektøren si leiargruppe.
Det er på ingen måte eit forsøk på å hindre mobilisering mot dei ulike tiltaka som det kan kome framlegg om i tida som kjem, men meir å snakke om korleis vi i dei ulike rollene kan møte ulike situasjonar. Eit slikt fokus trur eg kan vere tenleg for deltakarane, men når alt kjem til alt; også for innbyggarane.
Plan for helga?
Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helgatil, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje. Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen!
Terje Heggheim
Kommunedirektør