Nytt frå kommunedirektøren 22. november 2024

Overskrifter denne veka; Tilsette får reaksjonar frå innbyggarane. Kunstig intelligens.  Kven vinn arkitektkonkurransen? Skifte av varaordførar. No vert Sunnfjord demenskor skipa.

Tilsette får reaksjonar frå innbyggarane

Eg har tidlegare skrive om både innsparingar og omstilling. Vi har også innført mellombelse innsparingstiltak for driftsåret vi er i no.  Det handlar om å halde stillingar ledige, redusere reiser og innkjøp.  Desse tiltaka innførte vi i slutten av september.

Eg veit og forstår at det går utover dei tenestene vi skal gi innbyggarane.  Teknisk drift melder om at dei får til dels sterke reaksjonar frå publikum. Slike tiltak har konsekvensar og det vil gå utover nokre av dei tenestene vi leverer.  Eg kan også forstå at sunnfjordingen vert frustrert og ønskjer å kome med sine reaksjonar.  Eg håper likevel at dei mest høglydte meldingane går til kommunen si leiing og ikkje til dei tilsette ute i organisasjonen vår.  Det siste meiner eg er både særs urimeleg og uheldig. Dei tilsette gjer sitt beste med dei ressursane dei har til rådvelde.

Ein dag i førre veke fekk eg telefon frå ei dame i Vieåsen som hadde bestemte meiningar om manglande veglys.  Vi i leiinga må vere budd på slike meldingar.  Eg oppmodar likevel om om at de nyttar kommunen si heimeside til å gi kommunen melding om feil, manglar og anna de ønskjer å melde oss.

Kunstig intelligens

Fleire former for kunstig intelligens er kome på marknaden, og utfordrar måten vi arbeider på. Det er utruleg spanande å vere midt i eit slikt skifte. Eit skifte som vil vere heilt sentralt for at vi skal kunne arbeide smartare og greie å oppretthalde velferdsnivået. Men, likevel eit skifte som for dei fleste av oss byr på teknologi som er ukjent for oss. Dette skal vi rigge oss for i tida som kjem.

Det er derfor svært gledeleg å erfare at interessa er stor. Over 150 personar frå kommunar og IKT-samarbeid i heile Vestland deltok på digital fagsamling om kunstig intelligens (KI) denne veka. Sunnfjord kommune var arrangør saman med Kinn kommune og KS Vest-Norge.

KS Digital og DigiVestland bidrog med innlegg om deira rolle i arbeidet med digitalisering og KI i kommunane. Det var også innlegg med praktiske eksempel på bruk av KI i arbeidskvardagen og gode råd på vegen om kva vi må tenke på når tilsette skal ta i bruk KI-verktøy. Dette var ein oppstart, no skal vi jobbe vidare med korleis vi skal ta i bruk KI for å skape gode tenester for innbyggarane og å effektivisere  arbeidskvardagen for dei tilsette.

Kven vinn arkitektkonkurransen om å få teikne visningssenter ?

Hovudhuset i Astruptunet og stor rabarbra i framgrunnen - Klikk for stort bilete Hellebust

Dette har vi sett fram til lenge!  Om få dagar kan vi avsløre vinnaren av arkitektkonkurransen og presentere eit bygg vi ikkje vil ha sett liknande til. Eit bygg som vil heidre Nikolai Astrup sitt kunstnarskap. Tida er komen for å presentere visningssenteret ved Astruptunet.

For over hundre år sidan bygde eit kunstnarpar ein heim som har trekt hundretusenvis av gjestar. I det nye Visningssenteret kan publikum begynne- eller avrunde besøket i Astruptunet med utsyn over Jølstravatnet i kafeen. Dei kan nyte kunst i verdsklasse og lokal mat og drikke med smakar frå kunstnarhagen. 

Vi gler oss til å kunne seie velkomen til kunstinteresserte frå heile verda i det nyrestaurerte Astruptunet og Visningssenteret like ved.

Det er knytt store prestisje til å få teikne eit visningssenter som skal romme kunst i verdsklasse og verke saman med Astruptunet. Heile 163 forslag kom inn. 11. desember vil juryen avsløre vinnaren av konkurransen og veka før presentere dei fire finalistane.

Skifte av varaordførar

Bilde av Helge Robert Midtbø, Jenny følling og Henrik Nordal - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Henrik Nordal har som kjent fått ny jobb i Norad-kontoret som vert etablert i Førde.  Han har i den samanheng søkt om fritak frå vervet som varaordførar.  Kommunestyret innvilga den søknaden i møtet sitt i går.  Han vart difor takka av kommunestyret og ordføraren i går.  Sjølv vil eg nytte høve til å takke Henrik for godt samarbeid mellom den politiske og administrative leiinga i den tida han har hatt dette vervet.

I same møte i går vart Helge Robert Midtbø vald som ny varaordførar.  Eg sluttar meg til gratulasjonane og ser fram til eit godt samarbeid ut denne valperioden.


Sunnfjord demenskor vert skipa

Mange har sikkert sett serien om demenskoret på NRK.  Serien som rørte mange av oss sjåarar.  Programma synte på ein god måte korleis song og musikk kan virke positivt på dei som sli med demenssjukdomen.  Det er difor kjekt å melde at den lokale demensforeininga no vil skipe eige demenskor i Sunnfjord. Onsdag fjerde desember klokka 1700 vert koret samla med pårørande/følgje i 4 etasje i Rødekorsbygget.  
Dette håper eg blir opplevd som eit godt tilbod for dei som kan nytte seg av det.  NRK-serien viste i alle fall den glede og livsgnisten som vart vekt når dei fekk synge og vere saman med andre.  Vi takker demensforeininga for initiativet og ønskjer alle lykke til med song og glede. 

Les meir om oppstart av demenskoret

Plan for helga?

Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje.  

Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen!
 

God helg alle!

Terje Heggheim
Kommunedirektør